Thatgamecompany - logo

  • Thatgamecompany
  • Los Angeles-basert spelutviklar, grunnlagt i 2006
  • Laga tre spel distribuert av Sony: fl0w, Flower og Journey
  • Har som mål å presse grensene for dataspel som kommunikasjonsform

Thatgamecompany er på leit etter nye jaktmarker no som dei er ferdig med sin trespelsavtale hjå Sony. Ved hjelp av investorselskapet Benchmark Capital har dei samla omlag 33 millioner kroner til å lage spel, skriv Venture Beat.

Etter at deiras førre spel Journey tok salgsrekordar i Playstation Market, Sonys digitale butikk, har dei no eit godt utgangspunkt for komande drift.

Utradisjonelt fokus

Selskapet har valgt eit litt anna fokus enn mange andre spelutviklarar og plar fokusere på ei kjensle eller ei stemning dei vil at spelaren skal oppleve, i staden for eit fokus på action som mykje av spelbransjen ellers likar å ta sikte på.

Journey: Mystisk og tankevekkende mesterverk – terningkast 6

Jenova Chen, Thatgamecompanys hovuddesigner, uttaler at det viktigaste for dei er at dei kan halde fram med å utvikle sine eigne spel utan å måtte ta hensyn til plattformar og distributørar. Med andre ord kan óg ikkje-Playstation-brukarar glede seg til å spele selskapets komande utgivelsar.

Spelbransjens svar på Pixar

I tillegg til pengeinvesteringa kjem Mitch Lasky frå Benchmark Capital til å gå inn som styremedlem i thatgamecompany. Lasky er tidlegare visepresident i Electronic Arts og har mykje erfaring i spelbransjen. I følgje TechCrunch var erfaringa frå eit større spelselskap mykje av årsaken til at han fekk plassen i styret.

— Jenova har mogelegheita til å bli spelbransjens svar på (Pixar-sjef) John Lasseter, seier Lasky i ei uttalelse frå selskapet.

Les også: Video-intervju: — Journey er et unikt spill

Kva stemning saknar du i spela du spelar?