Med The Hunger Games som ein av årets mest populære ungdomsfilmar, er det ikkje rart at fleire vil kaste seg på bølgja (ikkje ulikt Eragon og Det gylne kompasset i tida etter Ringenes Herre tok av).

Samanlikningane mellom Battle Royale og Hunger Games har vore mange – både fortjente og ufortjente – men at den overfladisk sett kan likne er det liten tvil om: Ei dystopisk verd der born – for ulike grunnar – vert satt i kamp mot kvarandre.

Ifølgje L.A. Times ynskjer CW (CBS og Warner Brothers samarbeidsnettverk) å lage ein TV-serie basert på den japanske filmen.

The Hunger Games: Jennifer Lawrence er en perfekt heltinne!

TV-serier i kjølvatnet av filmar

CW valgte vekk ein liknande TV-pilot tidlegare i år, serien The Selection, som handlar om ei jente som vert valgt til ei liknande konkurranse frå eit lotteri. No kan det altså verke som dei vil gå for eit liknande prosjekt.

The Hunger Games (Foto: Lionsgate).
Katniss Everdeen i The Hunger Games skaper pengestrømmen, og bransjen følgjer etter (Foto: Lionsgate).
Ein amerikansk Battle Royale-remake var på teiknebrettet i fleire år, allereie før The Hunger Games var skriven, men etter filmen kom tidlegare i år vart alle planar skrinlagde. Men TV-serier verkar å vere ei løysing som fleire har gått for.

Håpet er nok at denne skal få det same boosten som The Vampire Diaries fekk, eit anna prosjekt som starta som ein kansellert film (på grunn av Twilight), men fekk suksess som TV-serie (i kjølvatnet av Twilight).

CW er ikkje dei einaste som vil kapitalisere på denne bølgja, Anchor Bay – distributøren til Battle Royale i USA – gav ut Blu-Rayen til Battle Royale II: Requiem like før The Hunger Games-premiera.

For øvrig, om du har sett Battle Royale og er interessert i meir, hald deg unna oppfølgjaren – den syg.

Les også: Topp 5: Overlevelsesfilmer

Får me sjå vald som dette på amerikansk TV, mon tru? (Foto: Arthaus)
Får me sjå vald som dette på amerikansk TV, mon tru? (Foto: Arthaus)
Ikkje fastlagd enno

Det største hinderet i vegen for denne filmen verkar for tida å vere forfattar Koushun Takami, som skreiv den opprinnelege romanen som filmen er basert på. I følgje japansk lov må han godkjenne alle prosjekt basert på sine verk.

Spørsmålet er vel framleis om ein eventuell TV-serie klarar å halde på den mørke, dystre stemninga frå filmen. Det ville overraske meg stort om valden vert like framheva, men dersom temaet vert behandla med respekt bør det vere mogeleg å få noko underhaldande ut av det.

Men uansett kva kanalen – som blant anna står bak Gossip Girl og Supernatural – kjem fram til, vil det nok bli møtt av ekstra kritiske blikk frå BR-fansen.

Hunger Games eller Battle Royale? Kva velgjer du?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.