Final Fantasy VII er framleis det mestselgjande spelet i Final Fantasy-serien, sjølv om det kom ut for 15 år sidan. No gir Square Enix spelet ut på nytt (sjå trailer i botnen av saka).

Relansering av spelklassikarar har blitt ei bølgje dei siste åra. Spel som Shadow of the Colossus og no sist Ratchet & Clank-serien kjem i oppussa versjonar.

For to veker sidan tweeta me om spekulasjonane rundt at Final Fantasy VII skulle kome i Steam-biblioteket. No viser det seg derimot at remaken ikkje er like lovande som me trudde.

Final Fantasy VII kjem nemleg ikkje til Steam, men eksklusivt til Square Enix sin eigen nett-butikk – Square Enix Shop.

I tillegg er dette ikkje ei oppussing av teksturar eller lyd (i følgje informasjonen som har komt ut hittil), så det er meir å rekne som ei relansering enn ein remake.

Shadow of the Colossus HD: Hva kjennetegner et storartet spill?

Eit fåtal nye funksjonar

Nokre nye features er det like vel. Spelet har blitt utstyrt med ei rekkje achievements, og Cloud Saving – mogelegheita til å lagre spelet i skyen, slik at du kan halde fram å spele uansett kva maskin du sit på – er ein av dei nye funksjonane.

Ettersom hovudpersonen i spelet heiter Cloud mistenkjer eg at dette er gjort hovudsakleg for ordspelet si skuld – dernest fordi skylagring er i vinden.

I tillegg til dette kjem ein funksjon som heiter Character Booster, som midlertidig gir deg fullt med livspoeng, magi og Gil dersom du skulle stå fast på eit punkt i spelet utan ressursar til å gå vidare.

Eigentleg verkar dette mest som ein mini-juksekode, og det skulle ikkje forundre meg om dette vert gjort på same måte som Angry Birds sin Mighty Eagle – eit kraftig hjelpemiddel som kun er tilgjengeleg gjennom mikrotransaksjonar.

Ratchet & Clank Trilogy: Morsomt gjensyn med oppdaterte spillhelter

Square Enix’ tidlegare uttalelsar

Mange sat nok å venta på ein meir oppussa versjon av Final Fantasy VII – med nye bakgrunnar og figurmodellar laga for HD-skjermar.

Men det er ikkje meir enn éi veke sidan at Square Enix gjekk ut og sa at dei ikkje ville lage ein HD-remake før dei laga eit spel som overgjekk Final Fantasy VII i salg.

Det ser foreløbig ut som dei har holdt det dei har lova. Det nye spelet har inntil vidare ikkje fått nokon lanseringsdato.

Du kan lese meir om spelet på Final Fantasys eigne nettsider og sjå den litt cheesy traileren for relanseringa under:

No, Nintendo, kvar er HD-remaken min av Ocarina of Time?

Kva spel vil du ha ei relansering av?