Det er 30 år sidan ein av dei største filmsumarane nokon sinne. 1982 var spekka med evige klassikarar som Blade Runner, Conan the Barbarian, Poltergeist, E.T., The Thing, Tron og filmen me skal snakke om i dag – Star Trek II: The Wrath of Khan.

I anledning 30-årsjubileet heidrar me desse filmane som har hatt stor betydning for filmhistoria. Gjennom sumaren får du lese våre hyllestar til dei gamle klassikarane.

Star Trek II: Wrath of Khan

Damn it Jim, what the hell is the matter with you? Other people have birthdays, why are we treating yours like a funeral?
– McCoy til kaptein Kirk

Det er to årsakar til at eg kanskje er feil mann til å skrive denne hyllinga: Eg er i bunn og grunn ein Star Wars-fan, og eg var ikkje født i 1982.

Alle mine andre feil og manglar treng me ikkje å kome innpå heilt enno, men at eg skal snakke om ein film eg uansett er glad i er ikkje til å kome vekk frå.

Me er i tida etter at Kirk har forlatt kapteinstillinga si til fordel for ein administrativ jobb som admiral og mentor for kadettar ved Starfleet-akademiet.

På ein treningstur med hans gamle skip, USS Enterprise, vert han overrumpla av ein gamal fiende, Khan, som for mange år sidan sverga hemn over Kirk. For mange år sidan forlot Kirk nemleg Khan og folket hans på ein ugjestmild planet.

Kirk er sjokkert. Khan er forberedt. Khan hadde lagt vaken om nettene og tenkt på Kirk. Kirk hadde knapt ensa Khan ein tanke.

«Jim, I'm your doctor and I'm also your friend. Get back your command! Get it back before you turn into part of this collection, before you really do grow old.» – Bones McCoy (Foto: Paramount Home Entertainment)
Kaptein Kirk i midtlivskrise

Dette var oppfølgjaren til Star Trek: The Motion Picture, ein film som for så vidt gjorde finansiell suksess, men som fekk mykje skjenn for ikkje å ha teke vare på arven frå TV-serien.

Star Trek-skapar Gene Roddenberry sine mange omskrivingar av manus fekk skulda for dette. Han vart difor redusert til «kreativ konsulent», og inn hoppa Jack Sowards som var manusforfattaren bak fleire TV-serier på den tida, og ein massiv Star Trek-fan.

Sowards valgte å fokusere på ein litt anna Kirk enn den me gjerne kjente frå serien. Dette er ein aldrande James T. Kirk, ein Kirk som inst inne kjedar seg, og saknar sitt gamle liv – noko McCoy meir enn gjerne minner han om.

Dette viste hittil ukjende sider av karakterar mange allereie elska. Alderen tynga faktisk. Og med denne filmen fekk Kirk, forholdet hans til Spock, og heile Star Trek-universet djupare klangbotn.

Khan Noonien Singh. Kirks nemesis (Foto: Paramount Home Entertainment).
KHAAAAAAAAAAAAAAAN!

Ah, Kirk, my old friend, do you know the Klingon proverb that tells us revenge is a dish that is best served cold? It is very cold in space.
— Khan

Men det som har gjort filmen mest kjent er Ricardo Montalbans fantastiske rolletolking som prins Khan Noonien Singh. Dette var ein skurk plukka ut av episoden Space Seed, der Khan og restane av folket hans vart sendt i eksil til den ubarmhjertige planeten Ceti Alpha V.

Etter mange år har kona hans døydd, folket er redusert, og Khan har lite anna enn hemntankar til overs for Kirk og mannskapet hans.

I følgje Montalban sjølv er Khan ein skurk som ikkje veit at han er ein skurk. Han er ein fallen engel, som er fullstendig oppslukt i hemna. I sin tvungne eksil har han lest alle bøker han kan kome over med hemn som tema, til det punkt at han siterar dei nærast som sine eigne uttrykk.

Khan er fryktinngytande, men på ein sår måte. Hans jakt på besettelsen «Kirk» har fylt alle sider av personlegdomen hans, og scena der han til slutt set i gang siste ledd av planen sin har blitt legendarisk – av fleire årsakar.

Oddetalsforbannelsen brutt?

Det er etter kvart mange filmar frå Star Trek-universet, 2009-filmen med buskebryn-Chris Pine klokka inn som nummer 11!

Den siste rebooten har blitt rekna for å bryte «oddetalsforbannelsen» – ei fanforsterka overtru som tilsa at alle oddetalsfilmar i rekka frå Star Trek var dårlege (greit nok: 1, 3, 5, 7 og 9 var iallfall ikkje like fantastiske som Wrath of Khan).

Den nye Star Trek fekk – litt på same måte som Star Trek: The Motion Picture litt skjenn for å fokusere meir på action enn historie, men alt i alt var det ei underhaldande forteljing.

Star Trek: NÅ er jeg huket

Mest menneskeleg

Det er summen av alle desse elementa, den aldrande Kirk, den besatte Khan – samt tapet av ein gamal ven – som gjer til at denne filmen står seg så godt sjølv 30 år etter.

Den står seg fint åleine sjølv om ein ikkje har sett TV-serien eller dei andre filmane.

Og på same måte som Kirk omtalar Spock i denne filmen som – trass alt – «det mest menneskelege vesenet» han har møtt, så er denne filmen – trass alt – den mest menneskelege i serien. Driven fram av handlingane og ofringane til sterke karakterar, og ikkje berre eit action-eventyr utan like er det lett å forstå kvifor denne vert hugsa 30 år etter.

Gamle vener (Foto: Paramount Home Entertainment).
Gamle vener (Foto: Paramount Home Entertainment).

Om J. J. Abrams klarar å halde fram å bryte forbannelsen med neste års Star Trek-oppfølgjar gjenstår å sjå, men med lovande skodespelarar og interesserte Star Trek-fans både framfor og bak kamera er det lov til å håpe på meir god sci-fi – sjølv for ein Star Wars-fan.

Les også: Alle sakene om Kinosommeren 1982

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.