Planane for ein filmadapsjon av den populære dataspelserien Assassins Creed har vore i emning lenge, og i dag melder Variety at Fassbender skal ta hovudrolla som Desmond Miles i ein komande film.

— Fassbender var vårt førstevalg, seier Jean-Julien Baronnet, direktør for Ubisoft Motion Pictures (UMP) til Variety. — Han er ein ekstremt smart, talentfull, allsidig og engasjert skodespelar.

Fassbender har gjort rask suksess i Hollywood sidan sin første storfilm, 300. Prometheus er hans foreløbig nyaste film her i Noreg, men han har blant anna ein ny film frå Shame-regissør Steve McQueen, og ein komande X-Men-film på trappene.

Shame: En uhyre sterk prestasjon av Michael Fassbender

UMP sin første kinofilm

UMP styrar prosjektet, medan DMC Film, Fassbender og hans samarbeidspartner Conor McCaughans selskap, skal produsere filmen. Ubisoft ynskjer slik å halde filmen uavhengig av dei store selskapa for sjølv å ha størst kreativ kontroll over prosjektet.

Ubisofts eiget filmselskap vart starta i fjor for nettopp å adaptere spelsatsingane deiras for film- og TV-marknaden. Dette vert deiras første kinofilmprosjekt, men dei arbeider òg på ein Raving Rabbits-TV-serie for Nickelodeon. Ubisoft-sjef Yves Guillemot har tidlegare ymta frampå om filmar basert på Splinter Cell– og Rainbow Six-spela.

Sony Pictures og Ubisoft var i samtalar i fjor om ein serie filmar basert på Assassins Creed-universet, men planane stansa nettopp fordi Ubisoft ikkje fekk den kontrollen dei ynskja. Sony er like vel rekna som den mest sannsynlege distributøren av filmen når den tid kjem.

Assassins Creed – Revelations: — En litt for familiær opplevelse

Passar godt med spel-lansering

Det er hittil ikkje laga noko manus, så det er ukjend kva for side av Desmond Miles sine eventyr me får ta del i på kinolerretet. Det er like vel ikkje usannsynleg at det komande spelet frå den amerikanske revolusjonen vil vere ein del av filmen.

At Ubisoft gjer det uavhengig av andre filmstudio betyr òg at det vert interne Ubisoft-selskap som Hybride Technologies som gjer dei visuelle effektene i filmen.

Hybride har tidlegare arbeidd med blant anna Lineage-animasjonsserien basert på Assassins Creed-spela, og som ein del av effektmakarane på til dømes Avatar og Sky Captain and the World of Tomorrow.

Les også: Ubisoft viste muskler på E3

Vil ikkje ende opp som «Prince of Persia»

UMP vil opprettehalde den kreative kontrollen for å hindre at fleire prosjekt endar som Prince of Persia-filmen, der dei meinar at Jerry Bruckheimer og Disney ikkje klarte å gjere nok ut av merkenamnet.

Filmen tente berre omlag 130 millionar over budsjett og fekk aldri nokre oppfølgjarar.

Prince of Persia: — Gyllenhaal lykkes ikke som tøffing

Kva trur du om Assassins Creed-prosjektet så langt?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.