Etter lanseringa av The Secret World har Funcoms aksje stort sett berre gått éin veg – nedover. For å tilfredsstilje svoltne investorar har dei no gått ut og sagt at dei vil annonsere dei første salgstala om ein månad.

Trass gode tilbakemeldingar frå både presse og publikum har ikkje lanseringa av Funcoms siste spel falt i god jord i aksjemarknaden. Dette kan ha mange årsakar, blant anna endra Funcom-direktør Trond Arne Aas stilling dagen før lansering.

Samtidig har Funcom ein større andel småaksjonærar enn dei fleste andre større norske selskap, noko som kan ha hatt noko å seie for den ustabile aksjekursen.

Les også: Funcom-sjefen går av

Salgstall 10. august

The Secret Worlds tre faksjonar – Illuminati, Templars og Dragon (Foto: Funcom).
The Secret Worlds tre faksjonar – Illuminati, Templars og Dragon (Foto: Funcom).
Funcom planleggjer altså å leggje fram dei første offisielle salgstala for The Secret World den 10. august. Lite er kjend enno, men at spelet har snike seg stadig høgare på diverse bestselgjarlister kan vere eit positivt forteikn for selskapet.

Etter børsmeldinga fredag ettermiddag har aksjen stabilisert seg på rundt 11 kroner per aksje, etter ein nedgang frå rundt 18 på lanseringsdatoen den 3. juli.

Dette er langt over bunn-noteringane etter lanseringa av Age of Conan i 2008 (rundt 3 kroner per aksje), men samtidig langt under aksjeprisen i oppseglinga til utgivelsen av same spel (nær 50 kroner).

The Secret World: Utfordrende og spennende

Positivt framtidssyn

I pressemeldinga velgjer Funcom å fokusere på positive anmeldingar frå spelmedia og stadig fullare serverar – som i spelet vert kalla dimensjonar.

Etter lanseringa av Age of Conan i 2008 var Funcom langt nede, men i løpet av dei siste åra har dei arbeidd seg oppover igjen.

I den siste tida har dei òg lagt fram komande prosjekt, til dømes Lego-MMO-et som i følgje dei sjølv er det første av fleire mindre, fokuserte MMO dei har på teiknebordet.

Les også: Norsk utviklar lagar Lego-onlinespel

Du kan sjå Marte si melding av spelet her:

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.