Billegare og betre teknologi har gjort underverker for gutteromsfilmen. Dei siste åras demokratisering av høgteknologisk utstyr har ført til ein storm av fantastiske filmar som for eit knapt tiår sidan hadde vore umogelege å lage med alle pengane i verda.

Og, som internett er skapt for, vert desse videoane sjølvsagt spreidd for alle vindar – kor det ikkje er unaturleg at filmfolk med pengar faktisk ser der, og vil lage større ting av dei.

Sky Captain and the World of Tomorrow

Kerry Conran nytta fire år av livet sitt til å lage ein svart-kvitt-kortfilm frå nettet som var ferdig i 1998. Kortfilmen heitte Sky Captain and the World of Tomorrow, og var ein liten teaser på det som skulle kome nokre år etterpå.

Sjå den opprinnelege kortfilmen her

Traileren for filmen fra 2004

Etter fleire nye år med jakt på det finansielle, casting og til slutt filming, kom langfilmen Captain Sky and the World of Tomorrow, som Conran sjølv regisserte, med blant anna Angelina Jolie og Jude Law i nokre av rollene.

Filmen vart kjend for å vere den første filmen som utelukkande tok bruk av grønnskjermteknologi med veldig lite bygde sett og rekvisitter. Dette skulle seinare påverke filmar som 300 og Sin City som i stor grad gjorde det same.

Trass jamnt over gode kritikkar laga aldri Conran noko i Hollywood etter dette. På eit tidspunkt var han faktisk satt ned som regissør for John Carter, før han vart erstatta av Jon Favreau, som igjen vart erstatta av Pixar-mann Andrew Stanton. Ein kan berre undrast korleis filmen hadde blitt med Conran bak spakane.

Les også: Grønnskjermens muligheter

District 9

Det er klart ein får rennefart inn i Hollywood når eins eigen høgbudsjettsfilm vert støtta og produsert av Peter Jackson. Dette var realiteten for sør-afrikanske Neill Blomkamp som i 2005 laga sci-fi-kortfilmen Alive in Joburg, der mennesker si behandling av romvesener skulle vere ein parallell til apartheid.

Den same tematikken og driven tok han med seg til District 9 frå 2009 – som også vart produsert av Peter Jackson. Filmen tek stad i Johannesburg etter ein invasjon frå rommet. Romvesena – kalt reker (prawns) – vert annenrangs borgarar i landet, og diskriminert på det grovaste.

Filmen var eit friskt pust i ein litt sliten sci-fi-bransje og mottok skryt for både historie og effekter, til trass for eit ganske lite budsjett for ein film på den størrelsen.

Til neste år kjem Blomkamps neste prosjekt, ein ny sci-fi-film skriven av han sjølv ved namn Elysium. Han regisserer sjølv, og mellom andre Matt Damon og Jodie Foster står på rollelista.

Les også: Se mot stjernene!

Ruin

Det er fleire å ta av blant tidlegare prosjekter, men det er tydeleg at Hollywood framleis ser til internett når dei leitar etter nye idear å plukke fram. Tidlegare denne veka kom nyheita om at Fox har lyst til å ekspandere den postapokalyptiske jaktkortfilmen til ei større flate.

Ruin er hobbyprosjektet til Wes Ball, som har jobba av og på med denne filmen mellom arbeid for blant andre Disney og TNT. Den komande langfilmen skal bli regissert av Ball sjølv, og produsert av McG – som produserer ei rekke TV-seriar for tida, og tidlegare har regissert mellom anna Charlies Angels.

Den opprinnelege kortfilmen gir ikkje så mykje historie, men er eit studie i jaktsekvensar i eit post-apokalyptisk USA. Korleis Ball og co velgjer å utvide dette universet vert spennande å sjå.

Ball har forresten eit lite knippe flotte animasjonsfilmar på si eiga side, Oddball Animation. Anbefalast!

Anmeldelse: This Means War: For dum, for platt, for intetsigende

Archetype

Ved sidan av å ha arbeidd som designer på ei rekkje filmar har Aaron Sims regissert eit lite utvalg kortfilmar. Sidan han vanlegvis arbeider med visuelle effekter sjølv er det naturleg at hans regidebut er stappa til randen av effektmakeri.

Filmen omhandlar ein robot som får ein bug under oppdrag og plutseleg utvikler minner han ikkje veit kvar kjem frå. Filosofisk science-fiction med Hollywood-smell er ikkje til å kimse av!

Produsent John Davis, som nyleg fekk lågbudsjettsfilmen Chronicle av bakken, plukka denne opp og filmen er no under utvikling av Fox. Om ein skal ta talentspottinga til Davis for god fisk, så er den flotte Chronicle iallfall eit lovande teikn på kva Archetype kan bli.

Manus skal utviklast og skrivast av Sims, samt Guy Busick og Ryan Murphy. Busick har tidlegare skrive den søte Meter Maids som òg gir håp om store ting frå Archetype

Anmeldelse: Chronicle: Spinnvill historie som gir bakoversveis!

Frankenweenie

Til slutt, ein klassiker (som er litt utanfor artikkelens vidd). Frankenweenie var Tim Burtons miniprosjekt medan han var heilt i starten av si eiga karriere. I tida då han arbeidde for Disney med blant anna uskuldige Todd og Copper – to gode venner laga han òg ein film som skulle bli eit smått morbid frampeik på Burtons etter kvart så kjende stil.

Sjå den originale Frankenweenie frå 1984 på Youtube!

Trailer for den komande remaken frå 2012

Frankenweenie handlar om unge Victor som gjenoppliver sin avdøde hund – med vitskap! Burton vart faktisk sparka frå Disney for denne filmen, fordi dei meinte han hadde nytta arbeidstid på noko dei ikkje kunne sende ut – dette var jo for skummelt for ungdommen.

Kortfilmen vart på eit tidspunkt sett av Stephen King som viste den fram til vener i Warner Bros. Den vart motteken med glede og vart ein av årsakane til at han seinare fekk sin regidebut med Warner Bros. sin Pee-Wee Herman.

Burton har difor mykje å takke denne filmen – og Stephen King – for. Dette er ein av årsakane til at han vil hedre den ved å gi ut ein remake til neste år. På same måte som han gjorde i gamle dagar, med ekte stop-motion-animasjon, lagar han filmen på nytt frå botnen av.

Etter planane skal Frankenweenie ha premiere den 18. januar 2013.

Les også: Topp 5: Tim Burton-filmer

Internett, altså

Med internett som den nye store leikeplassen for kortfilmskaparar verda over er det ikkje så overraskande at fleire og fleire filmar kjem «frå internett». Spørsmålet er om internett og dets mange publiseringsstader nokon sinne kjem til å ta over for den klassiske studiomodellen – ved til dømes folkefinansiering og sjølvdistribusjon.

Var vårens Iron Sky kanskje eit frampeik på korleis framtida for filmen blir? Inntil vidare er internett iallfall god Hollywood-grobotn for eldsjeler med mykje fritid.

Veit du om nokre kortfilmar du gjerne skulle ha sett som ein langfilm?