Nolans suksesstrilogi har også løfta andre Batman-prosjekt fram i lyset. To av dei sterkaste teikneseriene frå Batman på 80-talet var Frank Millers Batman: Year One og The Dark Knight Returns – to historier som openbart har inspirert Nolans trilogi.

Year One kom rett på DVD i fjor, og i år kjem òg første del av The Dark Knight Returns den same vegen. Dette er ein del av DC Comics og Warner Premiere sin heimemarknad-divisjon, som òg har gitt ut eit stort antal andre animerte filmar frå DC sine superheltar.

The Dark Knight Returns handlar om Batmans tilbakekomst etter ti år pensjonisttilværelse når gjengkriminalitet plutseleg blussar opp i Gotham City. Som 55-åring – betrakteleg eldre enn i Nolans The Dark Knight Rises – må han trekke på seg maska og kappa igjen.

MTV la ut traileren i natt:

Stemmelagt av Robocop

Peter Weller, slik me vanlegvis er vant til å sjå han (Foto: SF Norge).
Peter Weller, slik me vanlegvis er vant til å sjå han (Foto: SF Norge).
Stemma til den grånande Batman er ingen ringare enn Peter Weller – best kjend som Robocop i filmen frå 1987. For å få litt meir fersk cred er òg Ariel Winter – best kjend som Alex i Modern Family – stemma til Robin.

Opphavsteikneseria, samt den opprinnelege Watchmen, er rekna som det som starta dekonstruksjonen av superhelten – som satte superheltar i eit perspektiv for å finne ut korleis verda eigentleg hadde reagert på vigilanter i kostymer.

I fleire kåringar er den rangert blant tidenes beste teikneserier.

Batman: Year One-filmatiseringa vart litt sjellaus, blant anna fordi dei nærast nytta teikneseria som dreiebok.

Delt i to

Men denne historia er betrakteleg større, og splitta ut over to filmar – tydelegvis fordi dei ikkje ville klippe ei slik forteljing ned til under halvanna time – så kanskje ein kan augne håp om at denne vert betre? Ifølgje traileren verkar adapsjonen iallfall å vere trufast til kjeldene.

Filmen får amerikansk rett-på-DVD-premiere i oktober. Andre del kjem til neste år.

Når skal folk bli lei av Batman (Aldri – journ.anm.)?