Om ein klarar å oversjå Tom Cruise sin semi-offentlege personlegdom, så klarar ein òg å oversjå dei siste åras uttalelsar frå Mel Gibson når ein ny film med han i hovudrolla står for dør.

For oss vanlege dødelege kan eit Hollywood-trainwreck vere ein guilty pleasure, men god skodespelarkunst kan belønnast uavhengig om folk er rævhol utanom filmlerretet.

Get the Gringo er eit steg tilbake til den humoristiske actionfilmen som gjorde Mel Gibson stor på 80-talet. Til trass for at Gibson er 56 år, så er han framleis ikkje «too old for this shit».

Den vesle landsbyen

Mel Gibson spelar ein namnelaus yrkeskriminell som vert satt i eit mexicansk fengsel etter at eit brekk går ad undas. Han er vant til fengselslivet, men dette er ei ny verd for han. Fengselet han er satt inn i er nemleg «El Pueblito» – den vesle landsbyen – eit fengselssamfunn som Gibsons karakter med rette beskriver som «verdas mest avskyelege kjøpesenter».

Dermed må ein gammal rev lære nye triks, og slå seg opp frå botnen i dette sjølvforsynte samfunnet, der innsatte bekler alle roller frå arbeidarar og kjøpmenn til boligmeklarar og kongar.

Hans beste ven i alt dette? Ein 10 år gammal fengselsfugl med dystre framtidsutsikter.

Martin Riggs og Short Round – gone bad

Mel Gibson er akkurat mannen for ei rolle som dette. I motsetning til skodespelarar som Tom Cruise har Gibson omfavna alderen sin, men samtidig holdt på det som gjorde han spektakulær i filmar som Dødelig Våpen og Braveheart. Karakteren hans er ein hardbarka jævel, tenk deg Martin Riggs, 30 år etter, om han aldri kom seg inn i politiet.

Særleg djup er ikkje vår namnlause antihelt, men Gibson kan verkeleg desse karismadrivne figurane. Med alderen har han òg fått ei stemme som gir preg av ei oppriven sjel, som gir mykje til rolla.

Som motspelar har Gibson den unge Kevin Hernandez, som fyller rolla med meir karakter enn høgda hans skulle tilseie. Dynamikken mellom dei to er som ein oppdatert versjon av Indiana Jones og Short Round – dersom Short Round hadde vore ein kjederøykande fengselskvalp med fleire tjuvtriks enn ein heil Guy Ritchie-film.

Les også: Topp 5: Irriterande sidekicks

Det få amerikanske filmer viser når kriminelle køyrer mot grensa, er at det mexicanske politiet har vakter som vil stanse folk på den andre sida òg (Foto: SF Norge).

Helvete på jord

El Pueblito er basert på Tijuana-fengselet med same namn, som vart stengd i 2002 fordi lovbrota var verre på innsida av murane enn utanfor. Debutregissør Grunberg – som arbeidde med Gibson på blant anna Apocalypto – gjer ikkje alt riktig, men skal ha skryt for å måle eit bilete av miljøet i fengselet som ein stad der den sterkastes rett gjelder.

Gibson er sliten og grå, men ingen Clint Eastwood (Foto: SF Norge).
Gibson er sliten og grå, men ingen Clint Eastwood (Foto: SF Norge).
Filmens beste scener er nettopp når landsbyen får vise korleis den fungerar, og Gibsons rollefigur får infiltrere og rote rundt for å klatre i rangstigane. Dette er nok godt hjulpe av at mykje av filmen er spelt inn i eit faktisk nedlagd fengsel.

Det som derimot ikkje vert beskrive så godt er hovudpersonens motiv. Ja, han vil ut frå fengselet, og ja, pengane stal han frå ein høgtståande amerikansk skurk (i ei lita rolla frå svenske Peter Stormare), men kvifor? Kanskje er det for å skape meir interesse for figuren – filmen opnar iallfall for komande historier – men eg saknar litt årsaker midt oppi det heile.

Hans plutselege inntog i det meksikanske er nok inspirert av Akira Kurosawa og Sergio Leones namnlause westernheltar, men resultatet er ikkje like raffinert som hjå dei gamle meisterane. Mel Gibson er gammal og grå, men han er ingen Clint Eastwood (sjølv om han faktisk imiterer westernkongen i ei scene).

Anmelding: Rango – Denne filmen elsker sine westernmyter

Så kriminalitet lønner seg?

Actionscenene er òg godt gjennomført. Filmen tek i bruk kjende og velpleidde verkemidler – til dømes ein god del sakte film – men gjer det utan at det vert påfallande eller irriterande.

Dette er ei mindre seriøs forteljing enn Gibsons førre, The Beaver – venetenesta frå regissør Jodie Foster. Her er det tydeleg at han sjølv er meir i kontroll.

Mot slutten tek filmen ei meir godmodig vending, kanskje til og med litt for godmodig. Heilt på Shawshank Redemption-nivå er det ikkje, men det kan absolutt beskrivast som koseleg – om enn med ein sarkastisk undertone frå Gibson sjølv.

Men Get the Gringo visar at Mel Gibson trass alt ikkje er heilt fortapt. Eit fullstendig comeback for hans tidlegare vengeklipte karriere? Kanskje ikkje. Men absolutt sjåverdig.

Kva er ditt forhold til Mel Gibson?

Om FILMEN

Get the Gringo
  • Get the Gringo
  • Slippdato: 03. august 2012
  • Regi: Adrian Grunberg
  • Utgiver: SF Norge
  • Sjanger: