Ei av mange godlåter frå filmen «Fast Times at Ridgemont High»
Eg har eit djupt og nært forhold til high school-filmen. Mest sannsynleg starta interessa med American Pie i 1999, men den var berre kulmineringa av noko som alt hadde pågått i nokre tiår.

I serien om den fantastiske kinosumaren 1982 har me alt skrive ein del om større sci-fi- og fantasy-filmar, men denne sumaren var også tida for ein av mine absolutte favorittar innan ungdomsfilmsjangeren.

Sex, kjøpesenter og rock and roll sto for 30 år sidan i høgsetet hjå elevane på Ridgemont High.

Ungdommen på eigne premiss

Amerikanske Fast Times at Ridgemont High – som har den merkelege norske tittelen Hæla i taket – har mange av ingrediensane me har lært å kjenne frå high school-filmen.

Me har sjenerte nerdar som tek tips frå ein sjølvutnemnde sexpertar (av båe kjønn), planlagde framtider som ser ut til å få skjebnesvangre avslutningar, kjærleiksforhold med og utan sex, seksuelle forhold med og utan kjærleik, elskelege dophovud, ein og anna pupp – samt ein av dei første skildringane av ungdomsabortar på det store lerretet, som ikkje forsøker å moralisere over resultatet.

I staden for å moralisere forsøker Fast Times at Ridgemont High å vise ungdommens opplevingar på deiras eigne premiss, og gav dermed veg for ein bråte filmar – deriblant John Hughes’ (Home Alone, The Breakfast Club) filmografi.

Easy A: Hovudpersonen beklagar at John Hughes ikkje har regien på livet hennar

Undercover på high school

Filmen er basert på Rolling Stone Magazine-skribenten Cameron Crowes nedskrivingar. I 1979 gjekk han som 22-åring undercover på ein high school, for å få skuleopplevinga han sjølv aldri fekk.

I boka – og seinare filmen – utelatar han seg sjølv, men tek med hendingar og karakterar frå tida med sine nye vener.

Crowe si faktiske high school-oppleving var prega av at han var yngre enn alle andre – han hadde hoppa over nokre trinn på barneskulen –, sjukdom, og at han blant anna reiste på tour saman med bandet Allman Brothers.

Turen med eit av USAs største band på den tida, skulle seinare bli filmen Almost Famous, som Crowe skreiv og regisserte, med blant andre Kate Hudson i sitt livs rolle.

Les også: Topp 5 high school-filmer – med eit kjent namn i kommentarfeltet

Springbrett

Blunk, og du går glipp av Cage i denne filmen (Foto: Universal Studios Home Entertainment).
Blunk, og du går glipp av Cage i denne filmen (Foto: Universal Studios Home Entertainment).
Filmen vart eit springbrett for mange seinare kjende skodespelarar. Av skodespelarar som seinare fekk suksess kan blant andre Forest Whitaker (The Last King of Scotland), Judge Reinhold (Beverly Hills Cop) og Jennifer Jason Leigh (eXistenZ) nemnast.

Dette er også den første filmen Nicolas Cage spelte i, sjølv om rolla hans er aldri så liten.

Men aller størst er nok Sean Penn som den konstant rusa surfaren Jeff Spicoli.

This Must Be The Place: Overfladisk snåleri reddes av Sean Penn

I det som fort kunne ha blitt eit grunt «pothovud» klarar Penn å gi ei sår djupn til ungdom som har konstante problemer med autoriteter.

Jeff Spicoli var den ultimate surfaren, noko som førte til ei 80-talsoppblussing av ordet «dude», samt herlege scener som denne:

Blanda mottaking

Dette vart ikkje ein umiddelbar suksess for langfilmdebutregissør Amy Heckerling, men den inspirerte blant anna ein kortlevd TV-serie med same namn.

Roger Ebert, ein av USAs største filmkritikarar, kalte filmen «a scuz-pit of a movie» – ein film som gurglar døyande i sitt eiget spytt – men med åra vart den særs populær på heimemarknaden.

Heckerling regisserte Clueless 13 år seinare, ei nydeleg satire over både Beverly Hills-ungdommen og ungdomsfilmane ho sjølv var med å popularisere.

DEN scena

DEN raude bikinien (Foto: Universal Studios Home Entertainment).
DEN raude bikinien. Og ja, om du held trykkjer på biletet, så får du sjå GIF-en IKKJE JOBB-SIKKERT (Foto: Universal Studios Home Entertainment).
Ofte er det èin bestemt ting som brenn seg i hjernebarken når ein har sett ein film ferdig.

I Ridgemont High kunne det ha vore ei rekkje ting: scena med den uhøflege fyren på burgersjappa, det tidlegare viste «NO DICE!»-sitatet til Spicoli eller til og med abortsamtalen.

Men neida, det vart då Phoebe Cates etter mi meining overgjekk Ursula Andress i Dr. No og kom ut av badebassenget iført ein lett avtagbar raud bikini.

Det heile er sjølvsagt ein del av karakteren Brad sin seksuelle fantasi om si klasseveninne. Og nei, det går ikkje særleg bra.

Som du ser av toppbiletet i artikkelen, så får han aldri eigentleg noko kyss – i staden vert han teken på fersken medan han onanerar på badet (eit anna element som er med i utallege filmar i etterkant).

Klisjéskapande

I 1982 såg salige John Hughes mellom anna Ridgemont High, og meinte han kunne skrive ungdomshistorier betre. Han hadde nok rett. Det er ikkje ein perfekt film, men påverknadskrafta den har hatt er enorm i etterkant, og måten den satte high school-filmen sitt univers på er pionéraktig.

Alle desse ingrediensane – ungdom, sex, kjøpesenter og rock and roll – kan verke velkjende etter kvart. Men eg vil hevde at Fast Times at Ridgemont High er for high school-filmen det Casablanca var for det romantiske dramaet.

Både Casablanca og Ridgemont High kan nemleg verke veldig klisjéfylte når ein ser dei i dag – og for så vidt sjølvhøgtidelege – heilt til du innser at det var her klisjeane vart skapt. Utan Ridgemont High, ingen American Pie.

Kva film frå 1982 var din favoritt? Les heile artikkelserien vår om kinosumaren 1982.

(Diskutér i kommentarfeltet under traileren for Ridgemont High – everything you wanted to do in high school)

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.