I fransk-sveitsiske Min søster er klasseskiljet ekstremt tydeleg. På toppen av dei sveitsiske alpene bur rikmannsfolket, som i lærnikkers og med dyre ski, har okkupert snødekket for underhaldninga sin del.

Ved foten av fjellet, i eit industrielt arbeiderklassemiljø, bur 12 år gamle Simon. Han har omtrent gjort karriere på å effektivt stjele skiutstyr frå dei rike («dei kjøper berre nytt likevel»), og selgje det til ungane i nærmiljøet sitt.

Slik kan han tene pengar for å halde seg sjølv og den eldre systera i med mat og andre livsnødvendige ting.

Systera er tidvis arbeidslaus og vekslar mellom kjærestar og andre mannlege vener. Kva ho driv med i lengre periodar av dagen får me aldri heilt vite, men ryktet blant venene til Simon tilseier at det kanskje ikkje er heilt lovleg det heller.

Ungt, men godt

Hovudrolla som Simon er satt av Kacey Mottet Klein, som denne filmen skal ha vore laga spesielt for. Det synest. Han klarar å balansere mellom dei to verdene på eit sett som er spektakulært for ein 14 år gammal skodespelar.

På eit sett kan det verke som om Simon har blitt dytta inn i vaksenverda raskt, men i løpet av filmen får ein sjå korleis Simon absolutt henger igjen i sitt 12-årige tilvære.

Når han vert konfrontert med at han stel svarar han at det er for å kjøpe ting han trenger. Simon vil nok ut av miljøet han er født inn i, men han ikkje nokre framtidsutsikter for når dette har tenkt å ende.

Les også: Oslo, 31. august: — Kan han starte på nytt? Vil han?

Om enn litt uvanleg, vår tjuv er iallfall maskert (Foto: Europafilm).
Om enn litt uvanleg, vår tjuv er iallfall maskert (Foto: Europafilm).

Halvveges ut i Min søster, akkurat idet eg trudde at den skulle bli gjentakande, kjem ei omvelting som friskar opp filmen. Etter dette dukkar systera, spelt av Léa Seydoux, fram i større grad som ein rik karakter, og ho visar at ho absolutt har noko i denne filmen å gjere.

Dardennes-aktig

Regissør Ursula Meier har laga ein film som på mange måtar kan minne om Dardennes-brørne sine verk, og viser verkelege sider av mellomeuropeisk fattigdom som me ikkje så ofte ser. Filmen har òg den same typen dokumentarisk handhalde kamera som auker kjensla av realisme. Dette kjennest ekte.

Les også: Gutten med sykkelen: — En lavmælt liten filmperle!

På same måte som Dardennes-filmane er òg denne belønna ved filmfestivalar, spesifikt med Sylvbjørnen på årets Berlinale.

Musikken er lagt til av P.J. Harvey-produsenten John Parish, og er gitarprega og stemningsskapande. Den driv fram mellom scenene og viser lunefullt kva som hender under overflata.

Grim eksistens

Min søster er truverdig, og går aldri over i sosialpornografi eller ekstrem medkjensle. Litt komikk – spesielt i det snødekte fjellandskapet – er strødd innimellom det dystre for å halde det dynamisk og ikkje føre stemninga heilt i bakken.

Filmen prøver ikkje å gi noko forklaring på klasseskiljet, eller noko løysing på korleis ein kan kome seg vekk frå ein grim eksistens. På same måte som Dardennes’ Gutten med sykkelen er den utan større fakter.

Min søster eit velspelt drama, eit «slice of life» frå dei sveitsiske alpene, som absolutt er verdt å sjå.

Om FILMEN

Min søster
  • Min søster
  • Slippdato: 21. september 2012
  • Regi: Ursula Meier
  • Utgiver: Europafilm
  • Originaltittel: L'enfant d'en haut
  • Sjanger: Drama