Ei ny veke er over, og ein ny bunke videoar er filtrert frå søkefelt, feeds, bloggar og idear. Her får du endå ei lita samling med skjermgøy.

«The Master»-trailer

Den endelege traileren til Paul Thomas Andersons The Master kom tidleg denne veka. Fem år er gått sidan There will be blood og forventningane er skrudd i taket – mykje på grunn av Philip Seymour Hoffmans skodespel.

Beste augneblink: Talen frå 0.10 og utover

«Metal Gear Solid: Ground Zeroes»-trailer

Metal Gear Solid-serien er 25 år, og Hideo Kojima feira det med å sleppe nyheita om ein film og eit nytt spel. På fredag vart ein trailer for spelet vist for eit avgrensa publikum, no er den sluppen på nettet.

Beste augneblink: 08.18+: «Kept you waiting, huh?»

COPS: Skyrim

I ein parodi på den klassiske Cops-TV-serien følgjer me vaktstanden i Skyrim på jobb. Eg veit ikkje om eg er letta eller lei meg for at dette ikkje var ein større del av spelet.

Beste augneblink: At ingen seier har éin einaste «arrow to the knee»-spøk

Og litt meir Skyrim

Det er klart at Bethesda opnar eit potensielt ormebol når dei tillet så mykje modding for Skyrim som dei gjer. Samtidig, nokre gongar veit du rett og slett ikkje kva du har gått glipp av før du får det inn i spelet – til dømes denne russiske magiformelen.

Beste augneblink: Eg trur det er ganske openbart.

Terry Crews i Old Spice

Me prøver å ikkje dele for mange reklamefilmar her i Filmpolitiet, men av og til må me berre. Når filmen er over, så kan du spele på dei same tangentane som Crews med tastaturet ditt.

Beste augneblink: 00.29: «Keyboard solo!»

Fordi smånyheiter gjer meg glad

Ikkje berre skal Joss Whedon gjere Avengers 2 og ein S.H.I.E.L.D.-TV-serie, han skal òg lage ein andre sesong av den nydelege miniserien Dr. Horribles Sing-Along-Blog. Det krever eit lite gjensyn med første sesong.

Beste augneblink: 1.58: «I love the… air»

Troma slepp 150 filmar på Youtube

Troma Entertainment har vore leverandør av merkelege B-filmar i nærare 40 år. For å feire det har dei lagt ut ein god slump filmar gratis på sin eigen Youtube-kanal, deriblant «filmen» Zombie Werewolves Attack!

Beste augneblink: Reint, skjært utvalg.

Ian McKellen-imitator les «I love big butts»

Hunter Davis har gjort Youtube-suksess på, blant anna, Ian McKellen (Gandalf)-imitasjonar. Men denne er den absolutt beste hittil, det er eit eller anna med tonefallet og den dramatiske opplesninga som berre er vakker.

Beste augneblink: Eg berre… alt.

«Jerry Weintraub – den ukjente legenden»

Jerry Weintraub har vore produsent sidan 70-talet, og har blant anna arbeidd på både den første, og den Harald Zwart-regisserte Karate Kid-filmen. I denne dokumentaren får me eit blikk på korleis verda er for ei av dei viktige rollene i filmens verd – som strengt talt ikkje vert vist så ofte.

Beste augneblink: Alt med Frank Sinatra i.

Jerry Weintraub (Foto: HBO Documentaries)
Jerry Weintraub (Foto: HBO Documentaries)

The Dude-dokumentar

19 minutters dokumentar om Jeff Dowd – populært kalla The Seattle Dude, mannen som inspirerte Coen-brørne til å lage The Big Lebowski – og vegen hans til ein Lebowski-fest, ein minifestival i The Dudes teikn. Filmpolitiet abides!

Beste augneblink: 09.23: Dat hair.

Dette er videoar me har funne gjennom veka, blant anna frå redaksjonens Twitter-profiler og nettet ellers.

Har du funne nokre kule trailerar eller kortfilmar på nettet denne veka? Del dei i kommentarfeltet!