Stanley Kubrick, velkjend for filmklassikarar som Ondskapens hotell, Clockwork Orange og Eyes Wide Shut, starta som filmskapar alt på 50-talet.

Hans første spelefilm, Fear and Desire frå 1953, har fram til no kun vore kopiar av dårlege versjonar – anten som fysiske samlerobjekt eller sirkulerande på internett.

I fjor vart negativa til filmen derimot funne i eit gamalt filmlaboratorium i Puerto Rico (av alle stader). No er restaureringsprosessen for å gi den ut til ein større marknad sett i gang, skriv Empire.

Ein ung Stanley Kubrick, då han framleis var fotograf i magasinet «Look» (Foto: Library of Congress, no i public domain).
Ein ung Stanley Kubrick, då han framleis var fotograf i magasinet «Look» (Foto: Library of Congress, no i public domain).

Les også: Skrev Kubrick manus selv?

«Ei klønete, amatøraktig filmøving»

Fear and Desire handlar om fire soldatar som hamnar bak fiendens frontlinje. I kampen for å kome seg attende til sine medsoldatar møter dei blant anna ei lokal jente, noko som fører til komplikasjoner.

Filmen handlar ikkje om éin spesiell krig, men var meint som ein kommentar på krig generelt. Ein kjenner òg igjen fleire element frå hans seinare krigsfilmar – til dømes den psykisk nedbrutte soldaten.

Budsjettet på filmen var såpass lite som 10 000 dollar (omtrent 500 000 kroner om ein justerer til dagens kurs).

Sjølv om Kubrick seinare har omtalt filmen som «ei klønete amatøraktig filmøving» meinte han òg at den hjalp han å skjøne kor mykje ein kunne skape med så lite pengar og mannskap.

Les også: — Å banke opp og voldta noen til ‘Singin’ in the Rain’ – det morer meg, sier Malcolm McDowell

Kjem ut til neste år

Ryktet har gått om at Kubrick seinare i livet arbeidde aktivt for å kjøpe inn kopiar av filmen og kaste dei, men ifølgje Caroline Frick Page, kurator ved George Eastman House, er nok dette berre er moderne myteskaping. Då filmens opphavsrett gjekk ut i 1993 var Kubrick skeptisk til å få den vist på kino.

Craig Keller, produsent for filmsamlingsprosjektet Masters of Cinema meiner likevel at den er verdt å sjå:

— Alt av Kubrick er tilstades i denne filmen, om enn i byrjande form. Fear and Desire var starten på visjonen hans.

Restaureringsarbeidet er altså i full gang, og filmen er venta å kome ut på Blu-Ray og DVD i januar til neste år.

Kva Kubrick-film er din favoritt? Legg att di meining i kommentarfeltet!

(Ein trailer for den restaurerte filmen.)