Før helga slapp fan-nettstaden MI6 nyheita om at Daniel Craig skulle spele i to filmar til etter Skyfall, no har óg Eon Production bekrefta at Craig er med på to komande Bond-prosjekt.

Etter rebooten av Bond-universet som kom med Martin Campbells Casino Royale i 2006, oppfølgjaren Quantum of Solace, den komande Skyfall, og to filmar til vil Craig ramle inn på tredjeplassen over folk som har ikledd seg smokingen flest gongar.

James Bond: Skyfall. (Foto: SF Norge).
James Bond: Skyfall. (Foto: SF Norge).
Craig vil dermed gå inn bak Roger Moore – som har sju filmar – og Sean Connery – som har spelt i seks filmar og éin uoffisiell.

Pengane tilbake, fleire filmar

Sony Pictures er òg inne i finansieringsprosessen, noko som mest sannsynleg betyr at Bond-filmane vil kome nærare og nærare éin film annakvart år.

Den lange pausen mellom Quantum of Solace (2008) og Skyfall kom av pengetrøbbel for MGM-studioet, men dei melder no at dei skal vere tilbake på sporet, ifølgje Empire. Det er dermed ikkje usannsynleg at Daniel Craig returnerar i Bond 24 alt i 2014.

Om det er ein god ting eller ikkje at filmane får raskare frekvens får ein vente å sjå, men den foreløbige tilbakemeldinga på Skyfall tilseier at det iallfall ikkje har skada filmen å ha god tid.

Det bør òg nemnast at både Timothy Dalton og Sean Connery i si tid forlot kontraktene sine før dei hadde laga alle filmane.

Les også: Roger Moore: — Sean Connery er den beste Bond

Skyfall den 26. oktober

Men aller først skal me innom mellom anna Istanbul i Skyfall seinare i år. Filmen har ifølgje publikum den lengste introscena i Bond-filmens historie, som inkluderar ei 20 minutters biljaktscene.

Selskapet har sjølv lagt ut ein film frå produksjonen av denne scena.

Regissør Sam Mendes og resten av mannskapet verkar iallfall å ha trua på Istanbul som åstad for actionscener, korvidt dei klarar å få det klistra til film må me vente til den 26. oktober med å avgjere.

Kva tykkjer du om Daniel Craig som James Bond? Kven bør ta over etter han?