De andre er ein tung film. Som ein dokumentarisk kampestein er filmen meint for å lage ringar i innvandringsdebatten, og kjem mest sannsynleg til å klare det den prøver på.

Margreth Olin har nytta heile verktøyskassa i kampen for å vise korleis unge menn vert behandla som kasteballar i det norske asylsystemet i dag. Ho ville fortelje det ho meiner er ei ufortalt historie, og det har ho absolutt klart.

Fokusert forteljing

I De andre følgjer me ei handfull asylsøkarar som på eit tidspunkt har vore under 18 år i Noreg. Traumatiserte Hussein som er avhengig av storebroren Hassan, Khalid som er oppgitt over systemet allereie som 17-åring, og kurdiske Goli, som nyleg har blitt sendt ut av landet, og no prøver å kome seg tilbake via Hellas. I tillegg får me stemmene til ei rekkje andre i same situasjon.

P3Dokumentar: De uønskede: Hvordan klarer man å leve et liv som dette – i flere måneder, i flere år?

Hussein er ei av skjebnene me møter i «De Andre»(Foto: Norsk Filmdistribusjon)
Hussein er ei av skjebnene me møter i «De Andre»(Foto: Norsk Filmdistribusjon)

Opphavet for mange av desse er Salhus mottak, ein institusjon som skulle forberede unge asylsøkjarar på tilbakesending der dei kom frå. Prosjektet vart rekna som mislukka, og mottaket vart nedlagt i 2011.

Filmen er veldig fokusert rundt deira forteljing, til den grad at me sjeldan høyrer frå andre. Dette er både ei styrke og filmens eine svakheit. For filmen har eit ensidig brennpunkt, men nettopp det slepp historiene sterkare fram og gjer at me kjem nærare på ungdommane.

De andre er stort sett intervjubasert. Svart-kvitt-stillbileter i kombinasjon med filma intervju styrker kvarandre og held nerven i forteljinga til stades. Med unntaket av starten og slutten av filmen, er det òg mindre prega av forteljarstemma som eg syntest har vore litt for dominant i fleire av Olins tidlegare filmar.

Bruk av musikk i kombinasjon med nærast poetisk filming kan til tider bli litt anmassande, på grensa til at det vert litt for mykje å ta inn.

NRK Ytring: Christian Tybring-Gjedde: — På flukt fra eget ansvar

(Meldinga held fram under biletet)

Den bibelske «Skriften på veggen» var eit dommedagsvarsel, det vert den òg for ein av ungdommane i «De andre».
Den bibelske «Skriften på veggen» var eit dommedagsvarsel, det vert den òg for ein av ungdommane i «De andre». (Foto: Norsk Filmdistribusjon)

Trekkjer paralleller til Utøya

Verkemidla er sterke, og med ein klar agenda. I motsetning til politikarar som får kommentere debatten heile vegen, vil ho late desse menneska kome fram i lyset. Ein av ungdommane har på skrive si historie på veggen på rommet sitt, symbolikken vert sterk når meiningane hans vert vaska vekk og måla over ved Salhus-mottaket si nedleggjing.

Nokre vil nok òg reagere på måten ho opnar filmen med bileter som viser til symjande born ved Utøya. Det er sterkt, men eg skjøner kvifor det er gjort. Eit av dei største trauma for det norske folk sidan krigen kan nok setje stemninga for den komande halvanna timen.

Video: Margreth Olin på Filmbonanza: Vart beskytta av menneskesmuglarar

Historiene er sterke, og det er ingen grunn til å tvile på sannheitsgehalten hjå dei plaga ungdommane. Dette er uansett menneske det vil vere hardt å stille kritiske spørsmål, Olins band til dei er skjøre nok som det er.

Men eg føler ikkje at noko vert skjult. Ingen av filmens personar vert framstilt som englar, spesielt ikkje den domfelte kriminelle Goli som Olin òg deltok i rettssaka til.

De andre er ein brannfakkel inn i asyldebatten, som nok kjem til å bli mykje debattert i tida før og etter valgkampen. Det fortjener den.

Les også intervjuet, der Olin blant anna forklarer kvifor ho trakk inn 22. juli og Utøya De andre .

Om FILMEN

De andre
  • De andre
  • Slippdato: 26. oktober 2012
  • Regi: Margreth Olin
  • Utgiver: Norsk Filmdistribusjon
  • Sjanger: Dokumentar