Ei ny veke er i gang, og sidan det er vanskeleg å nå over alt, har me satt saman eit lite knippe skjermgøy frå internett som du kan starte dagen med.
Gigantiske insekt?
Førre veke kom nyheita om at Trolljegeren-regissør André Øvredal skal lage innhald i diverse medier av teikneserien The Enormous, ei verd der dyr, deriblant insekter har blitt kjempestore.
Youtuberen Hank Green forklarer her kvifor insekter aldri kan bli så store (diverre(?)).
Beste augneblink: «Eg er nøgd med insekt i den størrelsen dei er.»
Alt vert kulare i Lego
Greit, så var Felix Baumgartner sitt hopp frå stratosfæra veldig, veldig kult. Men det vert ikkje mindre kult av å vere gjenskapt i Lego!
Beste augneblink: 1.18: «Mission completed»
Ezio hadde klart det for 500 år sidan
Ubisoft var kjapt på med denne, berre ein halvtime etter landing hadde dei allereie ein video som viser kor lett det er å hoppe frå veldig, veldig store høgder. Ein treng berre ein ball med høy!
Beste augneblink: 0.50: Det merkelege skodespelet til fyren med gripet.
Både Johnny Cash og James Brown
Rune: Går det egentlig an å snakke om forventninger når vi ser traileren til Quentin Tarantinos nye film Django Unchained? Jeg tror skalaen er sprengt!
Hvorfor virker det så lenge å vente helt til januar? Jeg vil se denne filmen NÅ!
Beste øyeblikk: 00:45: – Last chance, Fancy Pants! (Cue: James Brown-musikk)
I am a PC Game. I am a space simulator.
Chris Roberts, mannen bak trendsetjande romspel som Wing Commander og Freelancer, retter ein digital peikefinger til mobile plattformer med traileren for spelet Star Citizen.
Du kan sjå den korte traileren nedanfor, men óg ein lengre variant på spelets heimeside.
Beste augneblink: Generell holdning til alt nytt.
Døve har det mykje meir morosamt
Prosjektet Bad Lip Reading går ut på å lese kjende amerikanarar på leppene, dårleg. Med hjelp frå eit par gode dubbarar får ein dei difor til å seie ganske hysterisk morosame ting.
Deira siste video er frå presidentdebatten for nokre veker sidan.
Beste augneblink: «Plus, everyone can see that I’m not black»
Copyrightpolitiet == Stormtroopers?
Andreas: Folket i PistolShrimps har imponert tidlegare, blant anna i fjorårets Kosmorama-kortfilm-konkurranse. No har dei laga ein liten kortfilm, stappfull av fine filmreferanser, som ein kommentar på korleis dei sjølv nytter copyrighta figurar i filmane sine.
Ellers er det godt å sjå at stormtroopers ikkje har blitt det spor betre til å skyte sidan dei først dukka opp på skjermen for 35 år sidan.
Beste augneblink
Schrödingers katastrofe
Rune: Går det an å eksistere, og på samme tid ikke eksistere? Det paradokset er i sentrum for den klassiske kvantefysiske problemstillingen med navn Schrödingers katt.
Tankeeksperimentet illustrerer en av de første tolkningene av kvantemekanikk, den mystiske delen av naturvitenskapen som omhandler grunnleggende krefter i vår eksistens.
I stedet for å bruke flere bokstaver på denne popkulturelle nettsiden på å forklare tankeeksperimentet, er det vel like greit at popkulturen (på fantasirikt vis) gjør det for meg.
Beste øyeblikk: Når katten dukker opp igjen (nesten)
Kva skjer om det blir uavgjort?
Dette besvarer eit spørsmål eg har lurt på ei stund: Kva hender om det vert uavgjort i eit valg?
Youtuberen CPCGrey besvarer spørsmålet for den amerikanske valgkampen, iallfall, no gjenstår det berre å finne nokon som kan forklare det like greit for det norske valget.
Beste augneblink: Flip a coin!
Magisk skatevideo
Fråflytta byer har eit eller anna mystisk over seg. Ordos sitt tilfelle er litt spesielt, den er nemleg ikkje tilflytta ein gong. Byen i Nord-Kina vart bygd for å huse éin million mennesker, men dei siste antakingane tilseier at det knappast bur 30.000 der.
Det vert difor ein veldig fin åstad for filming, og i dette tilfellet, ein skatevideo av Charles Lanceplaine.
Beste augneblink: Heile!
Dette er videoar me har funne gjennom veka, blant anna frå redaksjonens Twitter-profiler og nettet ellers.
Har du funne nokre kule trailerar eller kortfilmar på nettet denne veka? Del dei i kommentarfeltet!