Det var berre eit tidsspørsmål før det hendte, og no er altså ikkje mindre enn to filmar på veg seld inn som «den kvinnelege versjonen av The Expendables».

Allereie er det kjend at Gina Carano – kjend frå MMA-miljøet, samt Soderbergs Haywire frå tidlegare i år – skal spele i hovudrolla på eit ikkje namngitt prosjekt av Adi Shankar (produsent for The Grey og Dredd). Denne har etter kvart vist seg å vere meir «tilfeldigvis ein actionfilm med ei kvinne i hovudrolla», meir enn spleiselaget som Expendables og Expendables 2 var.

Ei utappa kjelde er dermed født, og Expendables-produsent Avi Lerner grip ifølgje Deadline dermed sjansen til å lage det han meiner filmverda manglar – heilt sikkert av reint kunstneriske motivasjonar.

Les også: The Expendables 2: — Etter alle solemerker en drittfilm, men…

Haywire. (Foto: Relativity Media)
Gina Carano slo godt frå seg i «Haywire». Kanskje? (Foto: Relativity Media)

Eg vert ikkje naudsynt roa over at manusforfattarane som er hyra inn er Karen McCullah Lutz og Kirsten Smith, best kjend for filmar som Lovlig Blond og House Bunny, men merkelegare ting har hendt før.

Ingen roller er sett enno – sjølve tittelen er for så vidt òg ein arbeidstittel – men castingarbeidet starter nok så snart første manusutkast er klart.

Jolie, Jovovich og Weaver?

Teken i betrakting den store slagkrafta dei mannlege versjonane har hatt, så kjem nok ikkje The Expendabelles til å ha noko lågare budsjett for innhenting av skodespelarar. Diskusjonen på nettet er dermed i gang, kven burde vere motpolane til Schwarzenegger og Stallone?

Eit openbart forslag frå det siste tiåret er Milla Jovovich (Resident Evil-serien), men òg folk som Uma Thurman (Kill Bill-filmane) eller Angelina Jolie (Tomb Raider, Salt). Tidlegare nemnde Gina Carano kan absolutt gjere ein god figur om ho får lov til å spele i båe filmane.

Rundt årtusenskiftet har ein hardtslåande stjerner som Carrie-Ann Moss (Matrix-filmane), Gina Torres (Firefly og Matrix), Michelle Yeoh (Snikende tiger, skjult drage) eller Geena Davis (Long Kiss Goodnight).

Meir inspirasjon: Filmheltinner med baller: Du kødder ikke med disse damene…

Mange tøffe damer på 80-talet (og bakover)

Om ein vil ha nokre av 80-talets store stjerner, så er jo Sigourney Weaver (Alien), Grace Jones (A view to a kill) eller Pam Grier (Jackie Brown) gode kandidatar. Eller kanskje Terminator-seriens Linda Hamilton?

Og for å gå for the Grand Slam, så var Helen Mirren fantastisk som aldrande leigemordar i Red, ho kan fungere til nesten kva som helst!

Det er mange sterke kvinnepersonlegheiter å ta av i dei siste tiåras filmhistorie, og eit eller anna storslått må nok til for å redde dette prosjektet i det heile teke. Kall meg gjerne fordømmande, men eg kan ikkje seie eg har heilt trua på dette prosjektet heilt enno.

Kven meiner du burde fronte The Expendabelles?