Ulineær historieforteljing kan styrke ein film. Å hoppe fram og tilbake i tid kan vere ein god måte å sleppe små drypp frå ulike tider som forklarar historia og byggjer opp mot ei avslutning. Mange innflytelsesrike filmar, deriblant Pulp Fiction og Memento har teke seg nytte av dette med stor suksess.

Den thailandske noir-filmen Headshot er dyster og vakker, men den burde vere mykje mindre komplisert enn den sjølv har lyst til å vere.

Ser verda opp-ned

I kronologisk rekkjefølgje handlar Headshot om noko slikt som dette. I eit korrupt Thailand er det éin god politimann, Tul (Nopachai Chaiyanam). Då han arresterer ein høgtståande thailandsk businessmann vert han pressa til å ta i mot pengar for å gløyme det heile. Han nektar, og vert raskt sett i fengsel. Ein mystisk skuggeskikkelse – DEMON – er villig til å få han ut mot at han vert leigemordar for hans Dexterske ideologi.

På eit av leigemordaroppdraga i starten av filmen får han så det titulære skotet i hovudet. Resultatet er at synsnerva hans vert skada, så alt framstår som opp-ned.

Så går det ein god time før dette vert teke opp igjen.

Melding: The Raid: Redemption: — Jeg blir nummen etter en halvtime

Uansett kor mykje Tul prøver, så kjem han ikkje unna valden. (Foto: Europafilm)
Uansett kor mykje Tul prøver, så kjem han ikkje unna valden. (Foto: Europafilm)

Buddhist noir

Regissør Pen-Ek Ratanaruang har, litt spøkefullt, kalla filmen «buddhist noir». Det hintar nok til dei stadige «attfødingane» som hovudpersonen gjennomgår med dei mange hoppa i tid – kvar som ein ender i den same valdsspiralen. Om du er merksam er det ikkje så vanskeleg å skilje linjene frå kvarandre, men bytta går raskt og er meint til å forvirre.

Han vil så mykje, Ratanaruang, men sanneleg får filmen ikkje særleg mykje ut av denne tidleiken. Foruten flyktige tidshopp og eksotiske omgivnadar er dette i bunn og grunn ein noir-film – med ein detektiv, nådelause skurkar og ein forførande kvinner – som forsvinn i den filosofiske innpakninga.

Tul mottek eit leigemordaroppdrag. (Foto: Europafilm)
Tul mottek eit leigemordaroppdrag. (Foto: Europafilm)

Det finst meir vellukka nyversjonar av noirsjangeren, til dømes Looper-regissør Rian Johnson sin Brick frå 2005. Eg tvilar ikkje på at Headshot faktisk hadde kunne blitt betre av å bli fortalt rett fram.

Melding: Den fantastiske historien om Benjamin Button: — Full av visuelle vidundere

Men vakkert er det

Både den tyngande byen og det pittoreske landet vert vist fram i Headshot, alt er framstilt med visuelt kraftige bileter – ispeidd noir-filmens klassisk elektrisk belyste nattescener.

Det er difor det er ekstra synd når noko som kunne ha tilført filmen meir – som det tidlegare nemnde opp-ned-synet – vert fokusert så lite på. Der hukommelsestapet i Memento styrka filmen si forteljing, er ikkje Tuls auger verdt noko anna enn ei filosofisk billeg bemerkning om at han har fått eit endra utsyn på livet.

Ingrediensane til ei gripande historie – eller i det minste ein interessant krimfilm – er til stades, men Headshot er mykje betre på idear enn gjennomføring.

Resultatet er ei historie som er klipt litt for aktivt, der flashbacks til den fremste drivkrafta i ein film som burde stole på at historia kunne ha fungert på ein – trass alt – litt meir konvensjonell måte.

Om FILMEN

Headshot
  • Headshot
  • Slippdato: 9. november 2012
  • Regi: Pen-ek Ratanaruang
  • Utgiver: Europafilm
  • Originaltittel: Fon Tok Kuen Fah
  • Sjanger: Krim