I september lanserte me ein Hobbit-teiknekonkurranse der du kunne vinne billettar til filmen, samt stilig merch frå Hobbit-universet, om du – i Tolkiens ånd – laga dine eigne illustrasjonar frå boka Hobbiten.

To månader etterpå har me fått inn ein bråte bilete. Blant desse har me plukka fram tre vinnarar som skal få overraskingar i posten – dei to første får utvalde effektar frå filmen og ei P3-skjorte, medan éin person får kinobillettar til Hobbiten i tillegg!

Godt forsøk

«Bilbo med ring» av mbjaerknes. Gutsy, eller berre latskap?
«Bilbo med ring» av mbjaerknes. Gutsy, eller berre latskap?

Før me kjem til dei som faktisk vann, tykkjer me at eitt spesielt bidrag må få litt heider og ære.

Om det var guts eller latskap veit me ikkje, men «mbjaerknes» sitt bidrag – eit blankt ark med tittelen «Bilbo med ring» – skapte mykje latter då det dukka opp hjå oss.

Ingen premie til mbjaerknes (det hadde vore litt urettvist med tanke på dei andre illustrasjonane me har fått inn), men skryt får du!

Vinnarane

Bilbo funderar av Krugereng, og Lommekroken av Matias Røsvik
Bilbo funderer av Krugereng, og Lommekroken av Matias Røsvik

Instagram-brukaren Krugerenge har teikna dette biletet av ein funderande Bilbo som sit på ein trestamme han sikkert kjenner som si eiga lomme.

Dette ser ut som ein rolegare Bilbo, sikkert før han vert eventyrar. Han ser iallfall ikkje ut som han tenkjer på å gjere noko uventa!

Matias Røsvik har teikna biletet av Lommekroken som me syntest fanga stemninga i boka veldig godt. Det ser ut som ein fin stad å kome heim att etter endt eventyr.

Bilete som dette gjer til at me gler oss endå meir til filmen, og desse to får merch frå filmuniverset og ei P3-skjorte i posten.

Bildegalleri: «Hobbiten»-premieren i New Zealand

Topp-plassering: Hipstergollum!

Dei to førre bileta er veldig boknære, noko som er veldig flott, men av og til fungerer det best å berre tverre fullstendig med originalmaterialet og skape noko eiget.

Rikke Jansen har teikna Gollum – slik me kjenner han frå filmane – framfor Kaffebrenneriet i Oslo – slik me ikkje kjenner han frå filmane – medan han kresent spør om sin favoritt-kaffelatte.

Originalt, morosamt og godt gjennomført! Rikke får både ei filmoppleving og Midgard-suvenirar som førsteplasstakar i vår illustrasjonskonkurranse.