Sony prøver i det minste hardt. Å likne på Nintendo.

Playstation All-Stars Battle Royale er – i tillegg til å vere ein munnfull – Sonys lettbeinte slåssespel. Her møtest kjende, kjære og litt meir inntvungne karakterar frå Playstation-spel gjennom to tiår for å banke livskiten ut av kvarandre.

Er det merkeleg likt eit visst Nintendo-konsept? Ja. Betyr det at det ikkje er underhaldande? Nei.

Ikkje uventa, éinspelaren er syltynn

Tjue figurar er tilgjengeleg frå Sonys rike galleri, og minst to til er på veg gjennom nedlastbart innhald etter kvart. Kvar figur har ei syltynn historie som hovudsakleg består av ein introdel, ein mellomsekvens halvveges uti «historia» og ein avslutningsfilm som løyser utgangspunktet.

Polygon Man, Sonys tidlegare maskot, ein bitter fordums helt. (Foto: SCEE)
Polygon Man, Sonys tidlegare maskot, ein bitter fordums helt. (Foto: SCEE)

Køyreglade Sweet Tooth frå Twisted Metal-spela har til dømes mista bilnøkkelen sin, og får den på uforklarleg vis attende gjennom å dengje ei rekkje figurar før han ender opp på sistebossen Polygon Man, Sonys tidlegare maskot.

Sjølv om det er tilstrekkeleg absurd å sjå Sweet Tooth banke Kratos fordi han øydela iskremen hans, så kjennest det mest ut som ein fåfengd måte å plastre saman eit veldig sprikande univers.

Eg hadde heilt ærleg talt foretrukke èinspelardelen til å vere ei slags overhengande «De har blitt samla her for å karnøfle kvarandre sanselause, 3.. 2.. 1.. GÅ!», som til dømes Tekken-serien, enn dei liksom så personleggjorte historielinjene.

Anmelding: Twisted Metal: — Helsprøtt bilspill full av gladvold og kaos

Det er ikkje Smash Bros, altså!

Samanlikningane til Nintendo sin 13 år gamle slåsseserie er ikkje til å unngå. Men spela skil seg frå kvarandre på eit par viktige område. Der målet med Nintendos versjon var å dunke motstandaren til dei var svake og utanfor bana, arbeider ein i All Stars opp poeng for å kunne utløyse livknekkande spesialangrep.

Desse spesialangrepa kjem i tre styrker. Det svakaste er relativt enkelt å oppnå, men kan stort sett berre ta knekken på éin motstandar – dei seinare er sterkare og kan ta knekken på fleire. Kampen vert med andre ord heile tida ein taktisk kamp om å nytte første spesialangrep eller nytte meir tid og evner på å bygge seg opp til superangrepa – som i mange tilfelle er veldig underhaldande.

Grepet er litt sårt tiltrengt taktisk tillegg til lettbeinte slåssespel og gir litt djupn til spelet – sjølv om det er desto meir irriterande å bomme om du skulle mistolke kva for eit angrep du har sett i gang.

Eit anna grep dei har gjort frå å skilje seg frå Nintendos serie er at banene ikkje er basert på éin enkeltserie, men to franchiser samtidig. Resultatet er stilige og dynamiske omgivnader, som eigentleg mister båe identitetane i forsøket på å vere annleis.

Les også: Stem fram historias beste spillkonsoll – vinn en Wii U

Banene er gode og kan endre seg raskt, men franchiseblandinga skjuler identitetsbyggjinga. (Foto: SCEE)
Banene er gode og kan endre seg raskt, men franchiseblandinga skjuler identitetsbyggjinga. (Foto: SCEE)
Potensial for fleire figurar

Spelarar med sansen for raske refleksfigurar, tungtslåande sluggerar, langdistanseknekkarar og nærkampspelarar vil finne noko dei likar her. Nokre av dei meir konseptuelle figurane, som japanske Tori, fungerer nok betre som konsept enn spelfigur på eit forenkla knappesystem, men han har nok finessar som kjem meir naturleg med meir speling.

Blant figurane i All-Stars er det både nykomarar og klassikarar, men frå valet av å gi oss to av same figur – både snille og slemme Cole frå Infamous-serien – følest det mest ut som om utviklarane har sagt «Phew, då har me nok!» så raskt dei nådde 20-talet.

Om Activision hadde vore snille, så hadde dei sikkert latt Spyro få vere med – her frå Spyros Adventure. (Foto: Activision).

Sony har råmaterialet til mange fleire karakterar, men eig neppe lisensane på alle seriane dei gjerne skulle ha hatt med.

Crash Bandicoot, draken Spyro og ein drøss Final Fantasy-figurar er nok blant namna som utviklar SuperBot Entertainment har måtte legge igjen på skrivebordet.

Les også: Topp 5: Slåssespillfigurer

Sofaen som domene, utan god ramme

På ein måte er det litt nyttelaust å kritisere einspelardelen i dette spelet. Ein anna likskap med Smash Bros-spela er at dette òg fungerer absolutt best med vener i sofaen.

Opptil fire personar kan virtuelt kveste kvarandre som ein fin lågterskelaktivitet om de skulle kjede dykk – noko som uansett utfall vil føre til high-fives, eller starten på evig fiendskap. Det er kampsystemet utan tvil godt nok til.

Kratos midt i sitt heftigaste superangrep. (Foto: SCEE)
Kratos midt i sitt heftigaste superangrep. (Foto: SCEE)

Diverre har ikkje Sony klart å byggje ei sterk ramme rundt det elles velfungerande kampsystemet. For å prøve å gjere spelet rikare vert sigrar lønna med enkelt opplåsbart materiale, hovudsakleg overflatiske ting du kan utsmykke spelavataren din med.

Som ein hyllest av Playstations historie fell spelet litt gjennom. Som ein sofafyller fungerer det heilt ok, men manglar ein heilskap.

Og til sist, sett i samanheng med eit anna nyleg Sony-spel – det Mario Kart-liknande LittleBigPlanet Karting – kjennest det heile mest som ein kjip salsstrategi.

Kva figur frå Playstation si historie ville du ha hatt med i eit slikt spel?

Meldinga er basert på Playstation 3-versjonen av spelet, ikkje PSVita-versjonen.

Om SPILLET

Playstation All-Stars Battle Royale