Graf over spelhistoria. (Bilete: NcikVGG)
Graf over spelhistoria. (Bilete: NcikVGG)

Som hobbystatistiker er det lite som er meir artig enn sære grafar. Når eg får kombinere det med interesse for spel vert det desto betre.

Reddit-brukaren NcikVGG har henta ut informasjon frå nettstaden videogamegeek.com og samla all informasjonen i to grafar. Denne viser ikkje antal salg eller kor populære spel er, men rett og slett prosentandelen spel som kjem ut for kvar plattform og sjanger.

Noko interessant her er at trass eit industrifokus og store salgstal på action- og sportsspel, så er dei ikkje så dominerande som dei kanskje kan verke. I andre artige digresjonar, kven i all verden gav ut nok DOS-spel i 2005 til å faktisk påverke grafen?

Link direkte til graf

Les også: Stem fram historiens beste spillkonsoll – vinn en Wii U

Ei svakheit med denne grafen er at den ikkje visar eksplosjonen spela har hatt dei siste tiåra, så han laga like godt ein graf som viser veksten. Ifølgje brukarane på VideoGameGeek er det altså cirka tre gongar så mange spel no til dags enn for tredve år sidan.

Graf som viser antal spel sidan 70-talet. (Bilete: NcikVGG)
Graf som viser antal spel sidan 70-talet. (Bilete: NcikVGG)

Link direkte til graf

Grafar basert på brukarskapt innhald dekker generelt fortida meir grundig dekka enn notida, det ser ein tydeleg på den siste grafen der 2012 er registrert med eit betrakteleg lågare antal spel enn 2011. I tillegg har den ein stor mangel på Android-spel, som gjerne kan vere farga av brukarmassa på sida.

Kva er det mest interessante du ser ved grafen?