Sidan utgivelsen av Starcraft 2 (SC2) for to år sidan har interessa rundt Starcraft-serien, den ein gong suverene leiaren blant e-sportsspel, dabba litt av. League of Legends og liknande spel som DOTA 2 har blitt det siste store i e-sport. Med millionar av dollar i premie vart verdsmeisteren i League of Legends kåra i september, dei største Starcraft 2-premiane er langt mindre.

I går vart datoen for Heart of the Swarm (HOTS) avduka, planen er 12. mars 2013. Dette ifølgje Battle.net, utviklaren Blizzard sitt nettverk for sal og spelkontoar.

Kim Erik Aanes, manager for det norske Starcraft-laget Gamersleague, meiner det er eit sunnleiksteikn at Starcraft har dalt litt:

— Mange av entusiastane har nå fått fleire spel dei kan følgje med på, og det fører til eit breiare publikum. No er jo SC2 på veg opp i Asia, me merkar oss mykje aktivitet. Det er òg fleire prosjekt som er på gang med SC2 i Europa og USA, så eg trur me kjem til å sjå ein framhalsen vekst.

Melding: Starcraft II: — Jeg har ventet i 12 år – sommer, høst, vinter og vår

Koreansk dominans påverkar resten av verda

Starcraft-spelaren Steven Bonnell – betre kjend under namnet Destiny – kritiserte tidlegare i år Blizzard for å gjere seg sjølve utdaterte. Rett nok er han i miljøet meir kjend for å vere stor i kjeften enn for spelinga si, men har han kanskje eit poeng?

— Blizzard må gjere eit seriøst forsøk på å appellere til, og å styrke interessa og støtta frå søndagsspelarane.

Dette skreiv Destiny i eit innlegg på nettstaden Reddit i oktober.

Starcraft 2. (Foto: Blizzard)
Klarar Starcraft 2 å ta att posisjonen det ein gong hadde? (Foto: Blizzard)

Han går så langt som å seie at Starcraft kjem til å døy ut, dersom Blizzard ikkje endrar kurs før den siste SC2-utvidinga, Legacy of the Void. Aanes meiner Destiny overdriv den verkelege situasjonen, og trur asiatisk dominans har mykje å seie for den endra trenden i vestlege land.

— Det me ser er at det har blitt mindre sjåarar på livesendingar i Europa og USA i SC2. Dette trur eg strengt talt skuldast det faktum at koreanarane dominerer fullstendig der det tidlegare var gøy å sjå at europeiske og amerikanske spelarar av og til slo dei, seier Aanes.

Men Starcraft er ikkje roseraudt heller, meiner Aanes. Det finst problem å ta tak i.

— For at [Blizzard] skal greie å halde på populariteten så trur eg rett og slett at dei må rette meir fokus på å balansere spelet. Det siste året har all fokus vore på Heart of the Swarm, og då har dei som speler no blitt ein smule gløymd. Balansen er endå ikkje optimal, og når HotS kjem vil problema tydelegare.

Activision tek kontrollen sjølv i «Black Ops II», kva gjer Blizzard?

Ein av dei største nye funksjonane i Call of Duty: Black Ops II er eigentleg utanfor sjølve spelet. Ved sidan av skyting i éin- og fleirspelar er det ein innlagd infrastruktur for opptak, kommentering og streaming av speling.

Dette kan med enkle grep sjåast på nettbrett eller eiga maskin via eigne apps med det Activision har vald å kalle «Codcasting».

Call of Duty: Black Ops 2 - Yemen. (Foto: Activision)
Call of Duty: Black Ops 2 - Yemen. (Foto: Activision)

— Det at eit så massivt spel som Black Ops no kastar seg på bølgja, trur eg kjem til å vere veldig bra for e-sport. Det slike spel har slite med før er at det vert for lite venleg for dei som skal organisere det, seier Aanes.

Han trur utfordringa først og fremst vil vere gode brett som passer fleire former for spel som held spenninga, men samtidig gjer det oversiktleg. Etter å ha sett ein testrunde med Activisionstyrt «codcasting» på årets Gamescom-festival skjønar me kritikken hans.

Det var vanskeleg å få sjå høgdepunkta i livekampar som vert gjort på mange ulike frontar, og forvirringa kom raskt. Men det er klart, med meir øving kan det raskt bli meir straumlinjeforma utad.

Straumlinjeforma lagsamhald og streaming er òg det Heart of the Swarm vil legge til Starcraft-opplevinga. Grupper, klansystem, fleirspelar-replays, urangerte kampar, samt eit nytt nivårangeringssystem, er nokre av elementa Blizzard planlegg for utvidinga.

Fleire profesjonelle lag har fått testa ein tidleg versjon av spelet allereie, deriblant norsk Gamersleague, og Aanes er både positiv og negativ til det han har fått prøve så langt.

HOTS har fått lagt til ein heil del av tinga som spelarar og community (nettsamfunnet, journ.anm.) har etterlyst i lang tid no, seier han.

— På amatørsida trur eg me får sjå massive tal, medan dei profesjonelle stort sett verkar samd om å vente med HOTS på større events fram til spelet er balansert.

— Me har jo tilgang til det no, og det er langt frå Blizzard sin vanlege standard på balanse.

Kva forhold har du til e-sport? Speler du nokre spel i konkurransesamanheng?