Torsdag kveld amerikansk tid stadfesta regissør Michael Bay at Mark Wahlberg får hovudrolla i Transformers 4. Dette kjem fram på heimesida hans. Etter tre Transformers-filmar gir altså Shia LaBeouf frå seg stafettpinnen.

Bay er svært entusiastisk med å få med seg den Oscar-nominerte skodespelaren, og meiner han kan styrkje filmen:

“An actor of his caliber is the perfect guy to re-invigorate the franchise and carry on the Transformers’ legacy,” skriv Bay.

Rykteflom

Wahlberg har blitt knytt til Transformers 4 tidlegare, noko Bay avkrefta på heimesida si: “The Mark Wahlberg T4 rumor is just a rumor. Mark and I are talking about another film project. -Michael”.

Her snakka Bay truleg om Pain and Gain, action-komedien som har premiere april 2013. 

Wahlberg speler her den eine hovudrolla som kroppsbyggjar, saman med Dwayne Johnsen. No syner det seg likevel at rykta var sanne – at Wahlberg tek over etter LaBeouf.

Transformers 3 (Foto: United International Pictures)
Shia LaBeouf og Rosie Huntington-Whiteley frå den tredje Transformers-filmen. (Foto: United International Pictures)

Kassasuksess

Bays første Transformers tente inn meir enn 700 millionar dollar på verdsbasis, medan nummer tre i rekkja, Transformers: Dark of the Moon, tente over ein milliard dollar. Totalt har Transformers tent inn over 2,6 milliardar dollar på verdsbasis.

Innspelinga byrjar neste vår, og har premiere 27. juni 2014.

Kva meiner de om Wahlberg i Transformers 4? Kan han ta over etter LaBeouf?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.