Filmen om varslarnettstaden Wikileaks sine tidlege dagar kjem stadig nærare lansering. Det førre me høyrde frå Dreamworks var at filmen har fått namnet The Fifth Estate, og at Benedict Cumberbatch er skummelt lik sin verkelege motpart med kvitfarga hår, og lyse augebryn.

Men den verkelege hovudpersonen, grunnleggjaren Julian Assange, er ikkje like nøgd.

Han har fått manuset til filmen på førehand, og frå sin tilfluktsstad på den ecuadorianske ambassada i London har Assange no kommentert det han meiner er hårreisande feil med filmen.

Benedict Cumberbatch som Julian Assange i det første biletet frå «The Fifth Estate». (Foto: Dreamworks)
Benedict Cumberbatch som Julian Assange i det første biletet frå «The Fifth Estate». (Foto: Dreamworks)

– Filmen er eit massivt propagandaangrep

På ei forelesing om varslarar las han høgt frå manuset, som blant anna omtaler eit militært område i Iran, og dokument med faresymbol for radioaktiv stråling, ifølgje mellom anna britiske The Daily Telegraph.

– Kva har dette å gjere med oss?, seier Assange, og viser til Wikileaks fokus på hemmelege amerikanske og kinesiske dokument.

– Det er løgn på løgn. Filmen er eit massivt propagandaangrep på Wikileaks og staben min.

Han siterte òg meir frå filmen, der iranske vitskapsmenn blant anna skal ha møtt amerikanske agentar, og meiner den kun er til for å helle bensin på bålet i diskusjonen om Iran og atomvåpen.

– Korleis kjem slike løgner inn i eit manus om Wikileaks?

Kva Assange meiner om dei mange andre filmane basert på hans virke er ikkje sagt, men både Universal og HBO arbeider med Wikileaks-prosjekt.

Innhopp frå Tønsberg

Fråsegna har starta ein debatt ikkje heilt ulik diskusjonen rundt vår eigen Kon-Tiki. Kor store fridomar kan forfattarar og regissørar ta seg når dei baserer innholdet sitt på det verkelege liv?

I ein kommentar nyleg uttalte filmens regissør Bill Condon at filmen ikkje forsøker å dømme dei den omtaler.

– Me vil utforske kompleksiteten og utfordringane med [politisk] openheit i informasjonsalderen og me håper at den kan livne opp og berike diskusjonane som Wikileaks alt har sett i gang.

The Fifth Estate er basert på to av bøkene om Assange sine tidlege bedrifter i Wikileaks. Dette vert mellom anna i Tønsberg i 2010, der han for første gong viste video frå det amerikanske helikopteret som drap fleire journalistar i Afghanistan i 2007, melder Aftenposten.

Produksjonen på filmen vart sett i gang i januar, og den er venta å få premiere i november i år.