Born sin fantasi kjenner ingen grenser. Men kva dei vaksne gjer med den same fantasien kan til tider bli litt vél kaotisk – både framfor og bak kamera.

I sin debutfilm har svenske Martin Högdahl forsøkt å skape eit verd utav eit barn som jagar ein stad å vere. Diverre er ikkje godt skodespel og artige idear nok til å redde ei forteljing full av lause trådar.

Ingen tid til å dvele

Mik (Philip Olsson) har ein slik livleg fantasi, og filmen Isdragen ser verda frå hans perspektiv. Skjønt, han har faktisk noko å rømme frå.

Når familiesamansetninga hans etter kvart utviklar seg til å bli ei død mor, ein utvaska rocker med alkoholproblem som far, og ein halvkriminell bror vert han mellombels plassert av barnevernet hjå tanta si på den vakre svenske landsbygda.

Historia er basert på ein roman av Mikael Engstrøm, kokt ned til korte 77 minutt med film. Utan å ha lest boka antek eg at mykje er teke bort i prosessen – mest sannsynleg for å halde på merksemda til filmens unge målgruppe. Ein får innblikk i ein kvardag som er både opprivande og engasjerande, men det vert oppstykka og gir meg ikkje tid til å kjenne figurane.

(Anmeldinga held fram under bileta.)

Isdragen. (Foto: Europafilm)
Feline Andersson som Miks nesten-kjærast. (Foto: Europafilm)

Samtidig har Isdragen likevel vald å ta med fleire personar enn den eigentleg har plass til. Kanhende er målet å vise sterkare kor kaotisk og i omvelting verda til Mik er, men dei fleste ender opp som flate karikaturar.

Eg saknar uansett ei forklaring på kven den gamle mannen i rullestol i starten av filmen er, eller korleis (det motoriserte køyretøyet) Isdragen i det heile teke får ein slik plass i livet til flokken rundt vår hovudperson.

Godt skodespel

Heldigvis har Isdragen mange ting som talar til sin fordel. Skodespelet frå den unge, sjarmerande Philip Olsson og Malin Morgan (som speler tanta hans) er nært og rikt og tilfører Isdragen mykje. Det er i varme augneblink mellom filmens karakterar at filmen er på sitt beste.

I tillegg er verda Mik lever i, og til ei viss grad den han skapar i hovudet sitt, fargespekka og flott framsynt. Hardrockinteressa Mik har frå faren blir trekt inn i filmen gjennom ulike musikkglimt. Alle filmar fortener ei hardrockmontasje!

Isdragen. (Foto: Europafilm)
Mik lærer kampsport frå sin halvkriminelle bror. (Foto: Europafilm)

Men i lengda vert musikkbruken for lite subtil. Såkalla ledemotiv – små lydsnuttar tilknytt ein figur eller ein situasjon – fungerer best når dei er nytta med omhug.

Når den same beaten dukkar opp kvar gong den lokale «gangster»-gjengen kjem inn i ei scene følest det meir som når den førehandsinnspelte stemma på toget annonserer neste stasjon enn eit velbrukt filmatisk grep. Diverre.

Det er glimt av gode ting i Isdragen – eit blikktak dekt av knuste spritflasker er ei nydeleg måte å vise at alkoholismen har gått føre seg over tid – men historia er ikkje arbeidd lenge nok med til å fungere som heilskap.

Varmen er der, farta er absolutt til stades, men på vegen til rulleteksten legg Isdragen frå seg altfor mange lause trådar.

Om FILMEN

  • Slippdato: 18. januar 2012
  • Regi: Martin Högdahl
  • Utgiver: Europafilm
  • Originaltittel: Isdraken
  • Sjanger: Barn, Drama

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.