Tidlaust speleventyr, var spelanmeldar Rune Håkonsen si omtale av Shadow of the Colossus då det kom ut i nyoppussa utgåve i fjor. Spelforteljinga, som i seg sjølv er sterkt filmatisk, kryp no nærare og nærare å bli spelefilm.

Frå før av visste ein at Josh Trank, regissør og manusforfattar bak den engasjerande «superhelt»-filmen Chronicle skulle regissere, no er òg manusforfattar på plass. Seth Lochhead, mannen bak eventyrthrilleren Hanna er no tilsett på prosjektet, melder THR.

«Hanna»: Aude landskap, einsam kriger. (Foto: The Walt Disney Company Nordic).

Manusforfattar som kan det meditative

Shadow of the Colossus tek stad i ei forlaten, forboden verd. Hovudpersonen Wander må ta livet av 16 kjemper, kalla kolossar, med mål om å gjenopplive sin kjære Mono.

Resultatet vart ei tidvis heseblesande, men overraskande meditativ oppleving (ikkje heilt ulikt det eg synest om Hanna, når eg tenkjer meg om).

Anmelding: Hanna: – Ei jente trenes opp til å bli et drapsinstrument

Så gjenstår det å sjå om me klarar å få den same tilknytinga til hovudpersonen i filmen, når me ikkje personleg får styrt han gjennom oppgåva med å kjempe mot kolossane.

(Om du ikkje har spelt det, sjå introduksjonsvideoen til spelet her for å få eit inntrykk.)

Første versjon av filmmanuset var skrive av Justin Marks, mannen bak spelfilmkalkunen Street Fighter: The Legend of Chun-Li frå 2009. Forhåpentlegvis er valet om ein ny forfattar eit ledd i rett retning.

Men slapp av, spelskapar Fumito Ueda let uansett ikkje Sony Pictures stikke heilt av med historia hans. Spillauteuren har ikkje sagt korleis han er involvert i filmen, men at han «absolutt ikkje ikkje har noko med filmen å gjere». Eller «creative consultant» som det gjerne heiter i Hollywood.

Anmelding: Shadow of the Colossus: – Skaper en dynamikk som setter spor i spilleren

Lite detaljar enno

Ein av Josh Trank sine tidlege kortfilmar.

Regissør Josh Trank er ein mann som likar å leike med store krefter, og gjere dei litt meir tilgjengelege, noko ein har sett i fleire av prosjekta hans (til dømes den tullete kortfilmen Stabbing at Leias 22nd).

Om filmatiseringa av Shadow of the Colossus påverkar dei annonserte Marvel-filmane han visstnok er knytt opp til (Venom og Fantastic Four), seiest ikkje.

Produsent Kevin Misher har stått bak alt frå ambisiøse Public Enemies til labre The Scorpion King 3: Battle for Redemption. Skodespelarar, premieredato og andre viktige ting er ikkje kjend enno – for så vidt ikkje heilt ulikt Michael Fassbenders Assassins Creed-prosjekt.

Les også: Michael Fassbender speler i Assassins Creed-film

Kva trur du om å lage ein film av eit spelverk som Shadow of the Colossus?