Paul Giamatti. (Foto: AP Photo/Evan Agostini)
Paul Giamatti. (Foto: AP Photo/Evan Agostini)

Det vert ikkje langt mellom superheltfilmane dei komande åra. Ein av dei mange er oppfølgjaren til fjorårets Amazing Spider-Man, som no ser ut til å få superskurkgalleriet sitt på plass.

Paul Giamatti, kjend frå mellom anna Cold Souls og Cinderella Man, er i samtalar om å spele den hardtslåande Rhino i edderkoppheltoppfølgjaren, ifølgje Hollywood Reporter.

Giamatti er Rhino-fan

I teikneserieopphavet er Rhino ein sovjetisk kriminell med ei nasehorndrakt som gjer han nærast ustoppeleg.

Giamatti har ikkje kommentert noko offisielt, men har tidlegare sagt at han er stor-fan av superskurken. I eit intervju med ShowBizSpy i 2011 erklærte han sin kjærleik for figuren:

– Om dei nokosinne går for Rhino, så er eg klar og ventande.

Ettersom han ikkje er offisielt tilknytt oppfølgjaren som startar innspeling allereie i februar, er det uansett neppe ei særleg stor rolle. Det vert spennande å sjå om dei held fram med gentukletemaet som opptok mykje av den første filmen.

Anmelding: Amazing Spider-Man: – Velsvingande gjensyn – litt på autopilot

Django Unchained. (Foto: Columbia Pictures)
Django Unchained. (Foto: Columbia Pictures)

Jamie Foxx som skurk

Ei anna skurkerolle har gått til Jamie Foxx – sist sett i Django Unchained – som Electro, ein mann som kan kontrollere elektrisitet etter å ha blitt treft av lynet.

Dane DeHaan (Chronicle) skal spele Harry Osborne, sonen til Spider-Mans sjef som det vart hinta til at var dødeleg sjuk i den første filmen.

I tillegg til at Andrew Garfield, Emma Stone, Sally Field og Martin Sheen tek opp att rollene dei spelte i den første filmen kjem òg Shailene Woodley inn som Spider-Mans velkjende raudhåra kjæraste Mary Jane Watson.

Manuset er skrive av Roberto Orci og Alex Kurtzman, som blant anna har skrive Transformers, Star Trek og dens komande oppfølgjar.

Amazing Spider-Man 2 har norsk premiere i mai 2014.

Kva forventar du av Spider-Man-oppfølgjaren? Blir det for mange skurkar (igjen)?