– Det er veldig rart, fordi eg ser på denne filmen på ein anna måte enn eg ser på andre filmar eg har spelt i.

Skodespelar Espen Klouman-Høiner ser på sin sidemann, regissør Eirik Svensson. Saman har dei nytta over eitt år, bolkvis, på å lage filmen En som deg. Ei på mange måter utradisjonell filminnspeling.

En som deg. Foto: Norsk Filmdistribusjon
Espen Klouman-Høiner i «En som deg». (Foto: Norsk Filmdistribusjon)

Klouman-Høiner debuterte som skodespelar i ungdomsfilmen Bare Bea i 2004 (eg måtte jo nemne den, måtte eg ikkje?) og har seinare spelt i fleire norske filmar, blant anna Reprise frå 2006. Men bak kamera var fleire nye i gamet.

En som deg er den første spelefilmen til både regissør Svensson, fotograf, produksjonsdesigner og klipper – og dei aller fleste kjem frå miljøet rundt Den norske filmskolen i Lillehammer. Venskapet meiner han er positivt for filmen.

– Det føltes veldig naturleg – også fordi me skulle jobbe så søkande og samtidig så fritt – så var det ein kjempetryggheit for meg å vite at desse menneska kjenner meg godt, seier Svensson.

Anmelding: Reprise: – En dristig og spennende debutfilm

Det er mykje spennande på veg

Dei siste åra har norsk film og filmskaparar teke store steg i utlandet og mange gledar seg over norske Oscar- og Golden Globe-nominasjonar. Men er norsk film på nokon som helst måte i mål? Kva mangler i norsk film? Svensson tenkjer litt før han svarer:

– Eg har nok sakna det litt modigare, vågale som forsøkjer å leite etter noko anna. I staden for å bli endå flinkare på den formelen me har skjønt at er ein fungerande måte å lage film på, så saknar eg kanskje filmen som sprenger dei rammene.

Klouman-Høiner meiner at meir variasjon hadde vore positivt for norsk filmbransje generelt.

– Min påstand er at norsk film er prega av at produksjonsmønsteret er så likt. Filmar – uansett sjanger – blir litt like. Det føler eg at me har greit å løyse litt opp i.

Men Svensson vil ikkje vere negativ. Han meiner det er mykje spennande på veg frå norske filmskaparar:

– Me kan godt gjere opp status etter 2013 og sjå – for no byrjer fleire av desse ‘annleis laga’ filmane å kome.

Anmelding: En som deg: – Noen klisjeer er fine på film

Kva er ein blind for når ein møter eit anna menneske?

Handlinga i En som deg tek oss med til kvardagen til finske Kaisa, som treff Jakob på ferie i Istanbul. Det er kjærleik ved første blikk, men dei bryt opp utan å ein gong veksle telefonnummer. Då Kaisa finn ein jobb i Noreg treff ho Jakob att, trur ho. Iallfall ein mann som liknar nok.

– Filmen handler om korleis mennesker vert kjende, korleis me møtest, forsøket på det å få til noko med eit anna menneske, kva ein ser etter og kva ein er blind for når ein møter eit anna menneske.

(Intervjuet held fram under biletet.)

Pamela Tola og Espen Klouman Høiner i En som deg bilde (Foto: 4 1/2 & Norsk Filmdistribusjon).
Pamela Tola og Espen Klouman Høiner i En som deg bilde (Foto: 4 1/2 & Norsk Filmdistribusjon).

Språket mellom desse to personene var sentralt for filmen. At folk ikkje snakka som skrivne replikkar var eit av hovudpremissa for å lage En som deg, ifølgje dei to. Mykje av dialogen går på engelsk, eit språk som ingen av dei kaller sitt.

– Dette med at me snakkar engelsk gjennom heile filmen har vore ei hindring me har ynskt velkomen, seier Klouman-Høiner.

– Å vere ekte og vere til stades i eit språk som ikkje er ditt. Den hindringa er litt ubehageleg.

Den litt gebrokne engelsken dei imellom skulle kjennest ekte og usminka.

– Eg var veldig tydeleg på at dei ikkje skulle gå på noko språkkurs. Eg ville det skulle vere så tett som mogeleg på engelsken dei faktisk hadde til rådigheit.

Sjå video: Et oppgjør med norsk filmspråk

Deileg dugnadskjensle

På settet gjorde folk gjerne arbeid utover oppgåvene dei vanlegvis hadde. Regissøren kunne gjere ting som var fotografens oppgåve, og omvendt.

– Det var det som var så deileg, det var ei dugnadskjensle, seier Klouman-Høiner.

– Når (produksjonsdesigner) Ann Kristin berre måtte rette på den eine puta, og var i biletet heilt til me sa ‘værsågod’. ‘Nei, Ann Kristin, eg sa værsågod, no må du gå’!

Svensson er samd i at det ferske mannskapet skapte ei felleskjensle, som om dei alltid drog lasset saman:

– Det vart veldig fint!

– Me har teke oss tid på sett til å sjå etter andre mogelegheiter. Ikkje berre bestemme at den skal vere ‘sånn’, så skyter me det, og så går me vidare. Så for meg, så blir eg mest gripen av stemninger i denne filmen som eg kjenner meg att i då eg laga den, seier Klouman-Høiner.

Bonusspor: Kva tyder «sukkahousut»?

I filmen lærer Kaisa vekk eitt finsk ord til sin kjære, nemleg «sukkahousut». Så lite finsk som eg kan måtte eg jo spørje kva det betydde.

Det viste seg å vere ei søt lita historie om filmens innspeling (trykk på avspelaren til høgre).

En som deg har premiere i dag, 1. februar. Les anmeldinga til Birger her.