Nintendo har allereie kutta håpet til salet av sin nyaste konsoll, Wii U, frå 5.5 millionar til 4 millionar selde eksemplar. No kan det sjå ut som dei ikkje når den mengda ein gong, tala for 2013 så langt er magre.

I tala til NPD Group – eit amerikansk marknadsanalyseselskap – står det totale konsollsalet oppført med ei auke på 9 prosent frå førre månad, men det er ei sanning med visse modifikasjonar, ifølgje Gamasutra.

Førsteinntrykk: Slik er Wii U

«Godt under» 100 000 selt i USA

NPD går ikkje ut med detaljtala i analysane sine, men ein NPD-representant har i samtalar med Gamasutra sagt at den har selt «godt under» 100 000 i USA i januar, og at salstala svarar til 38 prosent mindre enn sin forgjengar, Wii, på same tidspunkt i salsprosessen – noko som indikerer sal på «mellom 45 000 og 59 000» konsollar.

Ifølgje dei er det òg lågare enn Xbox 360 eller Playstation 3 har hatt på ein månad nokosinne, noko som må kjennest ganske dramatisk for Nintendo.

Etter å ha slått sine eigne rekordar den første tida har altså salet stoppa opp. Kanskje vart Atari-grunnleggjaren Nolan Bushnell sine ord lov, likevel?

Les også: Bushnell: – Jeg tror ikke den kommer til å bli en stor suksess

Wii U. (Foto: Nintendo)
Gamepaden med trykksensitiv skjerm er Wii U-ens fremste salgspunkt. (Foto: Nintendo)

Ikkje nødvendigvis betre i Europa

Europeiske tal er ikkje offentleggjort, men i Storbritannia har Wii U-produkt berre stått for 1.6 prosent av salet i januar, melder MCV. Dei har snakka med fleire butikkrepresentantar som meiner Nintendo må ta grep – løysingsforslaga er derimot ganske ulike:

– Tredjepartsstøtte blir vitalt i dei komande månadene, spesielt når dei store Nintendo-spela kjem så sjeldan, seier Robert Lindsay i spelkjeda Games Centre.

– Eg trur ikkje Nintendo kan kvile seg på nokon andre enn seg sjølv, meiner Gameseek-medarbeidar Stephen Staley.

Uansett kven som skal stå for redninga, så må spela snart kome på bana. For Nintendo hjelp det ikkje berre med ny teknologi, dei må gi nokre ordentlege årsakar til at me skal kjøpe den.

Kommentar: Nintendos viktigste kamp: – Hvorfor skal akkurat jeg kjøpe Wii U?

Så når kjem spela?

Vert dette realiteten for Wii U òg? (Foto: Kollasj, Nintendo/Internett).
Vert dette realiteten for Wii U òg? (Foto: Kollasj, Nintendo/Internett).

Det tenkjer nok Nintendo òg, som ladar opp til E3-sesongen med glimt frå kjende klassikarar som Zelda, Mario, Luigi og Mario Kart, Pikmin og Fire Emblem.

Dei har uttalt at dei ikkje har planer om å setje ned prisen på maskina heilt enno, spesielt sidan dei allereie taper pengar på å selje sjølve maskina (noko dei tener på om kundar kjøper eitt spel).

Les også: Vil revolusjonere Zelda – og skal nytte lang tid på å gjere det.

I går slapp Nintendo nyheita om blant anna fleire Luigi-spel. Luigi skal ta ei større rolle i blant anna Luigi Mansion 2, Mario & Luigi: Dream Team, samt ei nedlastingspakke til Super Mario Bros U der ein kan spele som Luigi.

Andre nyheiter er Fire Emblem: Awakening, og ei rekkje spel til 3DS-en i løpet av året – både Donkey Kong Country Returns og nye Pokémon-spel. Om speltoget til Nintendo kjem for seint gjenstår å sjå.

Kva trur du om Wii Us framtid? Svar under sendinga frå gårsdagens Nintendo Direct-sending