Vaksne romanfigurar er på moten. Sist fekk me Hans og Grete i Tommy Wirkolas blodsprutande visjon, og i fjor såg me blant anna Snow White and the Huntsman. No kan det sjå ut som om Charles Dickens Oliver Twist får gjennomgå same behandling.

Romanen Oliver Twist er kanhende best kjend for sitatet «Please, sir, I want some more», men i den nye versjonen har det gått 20 år, og Oliver er ein gatevant tjuv. Hans læremeister – The Artful Dodger – har òg perfeksjonert stjelekunsten, og filmen skal sentrere rundt dei to.

Ahmet Zappa - Frank Zappas son. (Foto: AP Photo/Franka Bruns)
Ahmet Zappa – Frank Zappas son. (Foto: AP Photo/Franka Bruns)

I kjend og kjær Hollywood-stil har filmen fått namnet Dodge & Twist, melder The Hollywood Reporter.

Basert på Zappa-idé

Ideen er ikkje basert på boka med same namn (og same tanke), men skal i staden vere ein meir humorfylt versjon frå Ahmet Zappa – sonen til rockestjerna Frank Zappa.

Det er dermed ikkje utenkjeleg at den legg seg i same bane som Guy Ritchies Sherlock Holmes-filmar – actionfylt humor. Zappa er òg mannen bak den komande Fraggle-filmen.

Målet til filmens to hovudpersonar skal vere å stele dei britiske kronjuvelane, og det må vere lov til å håpe på litt ordentleg heist-spenning i 1800-talets London.

Anmelding: Sherlock Holmes: A game of shadows: – 1800-tallets James Bond!

Fleire filmar om Oliver Twist

Manus til Dodge and Twist vert skrive av Cole Haddon, som no utvikler TV-konseptet Dracula, ein serie som omhandlar Draculas liv – spela av Jonathan Rhys Meyers (Tudors) – som businessmann i 1890-talets London.

Filmen vert produsert av Sony, og regjerast av dei same andleta som for tida passar på oppfølgjaren til The Amazing Spider-Man skal bli ein ny suksess.

Dette er den andre filmen på kort tid som vert henta ut frå det same kjeldematerialet. Olivia Twisted er ein komande versjon av den same historia, men frå eit kvinneleg synspunkt, med Twilight-stjerna Ashley Greene i hovudrolla.

Kva trur du om dette prosjektet? Kva romanfigurar vil du helst sjå ein film av?