Utviklaren av Rock Band-serien, Harmonix, uttaler at det no er på tide å gi seg med den populære musikkspelserien. I ein diskusjon på si eiga forumside skriv communitysjef Aaron Trites at dei vil trappe ned:

– Me har slept over 4000 songar for Rock Band-plattforma, men i det siste har me skalert ned produksjonen etter kvart som me går over til andre prosjekt. 2. april vil bli det siste vekentlege DLC-sleppet for Rock Band.

Harmonix vil framleis halde serverane, butikken og poengtavlene opne for «all overskodeleg framtid». I tillegg skriv dei at det ikkje er nokre planlagde Rock Band-titlar blant Harmonix’ komande prosjekt.

Dei skriv ikkje kva musikk som vil dukke opp på dei siste sleppa, berre at det blant anna inkluderar band som ikkje har vore med i serien før, og at det skal avslørast på ein konsert på spelmessa PAX East i Boston. Så får ein håpe at dei kan avslutte med eit smell. Rockemyten seier trass alt at det er «better to burn out, than fade away».

Anmelding: Dance Central 3: – De spillene som utnytter Kinect-teknologien best

Dance Central 3. (Foto: Harmonix Music Systems).
Dance Central 3. (Foto: Harmonix Music Systems).

Musikkspelets død?

Spelutviklaren har gjort seg store på ulike musikkbaserte spel, deriblant Rock Band og Dance Central. I tillegg var dei selskapet som arbeidde med Guitar Hero før Activision og Neversoft tok over.

Den siste utgivinga for Harmonix’ del var Rock Band Blitz, eit rytmespel med ein vanleg handkontroller – meir som ein forenkla versjon av Dance Dance Revolution.

Med dalande interesse for dette spelet, samt skuffande europeiske sal av Rocksmith – ein versjon av Guitar Hero der ein kan spele med ekte gitarar – kva skal til for å utrope musikkspelas død?

Anmelding: Rocksmith: – For lite, for sent

– Me er veldig stolte over nedlastingsmilepælane me har sett, spesielt når det gjeld å produsere det største musikkbiblioteket for noko spel nokosinne, skriv Trite.

Dermed er fem års arbeid over for Harmonix som i det siste heller har retta fokuset sitt mot spel som Dance Central. I juni i fjor avslørte dei òg at dei arbeider med tre nye spelkonsept som framleis ikkje er offentlege. Mest sannsynleg følgjer selskapets raude tråd med rytme- og musikkbaserte spel.

Spelar du framleis Guitar Hero/Rock Band/Rocksmith?