Regissør, manusforfattar og produsent Steven Spielberg har blitt vald til formann for Cannes-juryen. Dermed vert han president i den vesle foreininga som deler ut Gullpalmen på Cannes-festivalen i mai i år.

Etter å ha nyleg teke fått to Oscar-prisar for Lincoln – for beste produksjonsdesign, og til hovudrolleinnehavar Daniel Day-Lewis – er det no Cannes-festivalen som opptek tida hans, ein festival han er veldig glad i.

– Festivalens standhaftige oppdrag om å feire det internasjonale filmspråket har ikkje sidestykke, skriv han i eit fråsegn (via THR).

– Det er den mest prestisjefylte av sin sort, og festivalen har fastsett filmen som eit medium som kryssar både kulturelle grenser og generasjonar.

Gullpalmen gitt til Apocalypse Now i 1979. (Foto: Karel Leermans via Creative Commons: http://en.wikipedia.org/wiki/File:Palmed%27or.jpg )
Gullpalmen gitt til Apocalypse Now i 1979. (Foto: Karel Leermans via CC: http://en.wikipedia.org/wiki/File:Palmed%27or.jpg )

Topp 5: Gullpalmevinnere fra Cannes

Deltok første gong i 1974

Ifølgje festivalpresident Gilles Jacob har dei forsøkt i mange år å få med Spielberg som festivalsjef, men at han ikkje fekk eit soleklart ja før i år. I prinsippet skal derimot Spielberg ha takka ja for to år sidan, og endeleg fått rydda plass i kalenderen til den berømte festivalen.

– På grunn av filmane hans, og alle emna han har så kjær, så er han år ut og år inn på linje med dei aller største Hollywood-filmskaparane, seier festivaldelegat Thierry Fremaux til Hollywood Reporter.

Spielberg er heller ikkje ukjend med festivalen som deltakar. Allereie i 1974 vann hans første kinofilm Sugarland Express pris for beste manus, og storfilmane E.T. og The Color Purple var vist her på 80-talet.

I eit fråsegn seier Spielberg at hans første besøk til festivalen med E.T. i 1982 framleis er eit av hans favorittaugneblink frå karrieren.

Kinosommeren 1982: E.T.: – en tidløs klassiker!

Steven Spielberg og George Lucas før Cannes-visninga av Indiana Jones 4. (Foto: AFP PHOTO / Valery Hache)
Steven Spielberg og George Lucas før Cannes-visninga av Indiana Jones 4. (Foto: AFP PHOTO / Valery Hache)
Store namn i Gullpalmejuryen

Arbeidet som juryformann er eit oppdrag han deler med mange filmhistoriske storheiter. Tidlegare har til dømes Robert DeNiro (2011), Tim Burton (2008), Wong Kar-Wai (2006), Quentin Tarantino (2004), Liv Ullmann (2001), Wim Wenders (1989) og Tennessee Williams (1976).

Den hittil einaste kvinna som har vunne Gullpalmen, Jane Campion, skal vere jurypresident for kortfilmdelen og Cinefoundation-programmet (prisar til nye, lovande filmskaparar) på årets Cannes-festival.

Spielbergs neste regijobbar er Robopocalypse og Indiana Jones 5 – kanskje ikkje akkurat Gullpalme-vinnarar – ved sidan av hans produsentvirke på ei heil rekkje filmar.