Internett, altså. Nokre gonger må ein berre setje seg ned og måpe i beundring. Spansk-baskeren Iñaki Aliste Lizarralde har studert ei rekkje TV-serier til minste detalj, og teikna hendige oversiktskart for alle som skulle vere interessert.

Det siste verket hans er ei gjenskaping av huset til våre gule vener i The Simpsons, eit hus alle har sett i over 20 år, men kanskje aldri tenkt seg rundt i?

40-åringen, som er utdanna interiørdesigner og dermed har sansen for leilegheiter (favoritten er penthouset til Alexis frå Dynastiet), nytter mykje tid på teikningane sine:

– Eg treng omtrent 20 til 30 timar (eg har faktisk aldri telt) for å ferdiggjere ein heil etasje frå botnen av. Heilt til slutt ser eg over alle notat for å finne trefargar, materialfargar og resten av detaljane.

Frasier. (Foto: Paramount Home Entertainment)
Frasier og Eddie. (Foto: Paramount Home Entertainment)

— Problemet er vanlegvis å finne dei mindre brukte romma som soverom og bad.

Alt byrja med «Frasier»

Ved å sjå heile serien – spole fram og tilbake – få på plass alle detaljane han treng teikner han dei for hand. Han byrja med leilegheita til Frasier, rett og slett, for moro skuld:

– Eg likte serien og leilegheita hans og ville sjå den… laga. Så vart det ikkje gjenteke før ein ven av meg, som er stor fan av Sex & Singelliv, spurte om eg kunne teikne leilegheita til Carrie Bradshaw, seier Iñaki.

– Så spurte nokon meg etter huset i Friends.

Dermed balla det på seg, og no er husværa i Friends, Dexter, Up, Seinfeld og til og med klassikarar som I love Lucy (sjølvsagt i tidsriktig svart-kvitt) blitt handteikna til nettsurfarar si store glede.

Iñaki likar best dei «ekte» husa som i Six Feet Under eller Dexter, i studioserier og sitcoms må han ofte skape veggar der kameraet står, fordi dei aldri har eksistert – den såkalla «fjerde veggen».

– Eg likar samanhengande leilegheiter meir enn dei kompliserte og «umogelege» proporsjonane i sitcom-seriar som Two and a half men.

Her i redaksjonen vart me fascinert over kor lett det var å kjenne seg att frå desse husa me har vore «på besøk i» såpass mange gonger.

Sjå nokre av teikningane her:

Huset til Simpson-familien. (Bilde: Iñaki Aliste Lizarralde)
Huset til Simpson-familien. (Bilde: Iñaki Aliste Lizarralde)

Leilegheitene til Sheldon og Penny i Big Bang Theory.  (Bilde: Iñaki Aliste Lizarralde)
Leilegheitene til Sheldon og Penny i Big Bang Theory. (Bilde: Iñaki Aliste Lizarralde)

Friends. (Bilde: Iñaki Aliste Lizarralde)
Friends. (Bilde: Iñaki Aliste Lizarralde)

Carrie Bradshaws leilegheit. (Bilde: Iñaki Aliste Lizarralde)
Carrie Bradshaws leilegheit. (Bilde: Iñaki Aliste Lizarralde)

Leilegheita til Jerry Seinfeld. (Bilde: Iñaki Aliste Lizarralde)
Leilegheita til Jerry Seinfeld. (Bilde: Iñaki Aliste Lizarralde)

Huset til Carl i «Up». (Bilde: Iñaki Aliste Lizarralde)
Huset til Carl i «Up». (Bilde: Iñaki Aliste Lizarralde)

Iñaki avslører òg kva hans neste prosjekt er, deriblant Gossip Girl, Bundy og Mad Men, samt husa frå filmar som Psycho og Hjemme alene.

Du kan sjå resten av teikningane hans på deviantArt eller på Facebook.