Oppdatert: Interessant nok, agenten til Carrie Fisher seier at ho berre spøker, medan George Lucas – tidlegare sjef over heile Star Wars-imperiet – seier at dei ikkje er langt unna signering.

Prinsesse Leia – du veit, ho med skillingsbollehåret – var ein viktig del av den opphavlege Star Wars-trilogien som ein av figurane i filmane sin sentrale trio. Etter trilogien har ho slitt mykje med effektane av si bipolare liding, men har dei siste åra komt seg opp igjen – blant anna med sceneshowet Prinsesse Leia og veien videre.

Carrie Fisher mottek livstidsærespris i juni 2012. (Foto: Chris Pizzello/Invision/AP)
Carrie Fisher mottek livstidsærespris av AFI i juni 2012. (Foto: Chris Pizzello/Invision/AP)

Les også: J.J. Abrams skal regissere Star Wars-trilogien

No kan det sjå ut som om vegen vidare er den komande J.J. Abrams-regisserte Star Wars-filmen. Ifølgje eit intervju med Palm Beach Illustrated bekrefter ho at ho har fått rolla – dog med litt humoristisk tilsnitt:

– Kan du bekrefte at du gjenopptek rolla som prinsesse Leia?
– Ja.

– Korleis trur du prinsesse Leia er i dag?
– Gammal. Ho er nok på ein intergalaktisk gamleheim. (ler)
– Eg trur ho er som før, berre treigare og mindre tilbøygeleg til å kjempe dei store kampane.

Sannsynleg med gjensyn

Dermed vert det meir og meir sikkert at både Carrie Fishers’ Leia, Harrison Fords’ Han Solo og Mark Hamills’ Luke Skywalker dukker opp – dog mest sannsynleg i mindre roller – når Star Wars: Episode VII kjem attende om nokre år.

Frå Disney sentralt er ingenting sagt sikkert, men Hamill har tidlegare bekrefta at dei er i samtaler om kontrakt, men at sjølv ikkje han veit noko som helst om manuset, som Disney held tett til brystet.

Les også: Disney skal lage minst to spinoff-filmer i tillegg til trilogien

Innspelinga av filmens kampscener skal starte i Storbritannia i juni. Tittelen er foreløpig Star Wars: Episode VII og den har venta lansering i 2015. I tillegg til den komande trilogien arbeider Disney og Lucasfilm på fleire såkalla spin-off-filmar.