Oppdatert: – Sjølv om me ikkje har annonsert salstal for Dead Space 3 er me stolte av spelet, og franchisen er framleis ei viktig merkevare for oss, svarer EA på rykta.

COO i Electronic Arts går i tillegg hardt ut mot ryktet i ein kommentar på Gamesindustry.biz:

Det planlagde Dead Space 4 vert kansellert, og Electronic Arts underselskap Visceral Montreal vert nedlagd. Dette seier ei anonym kjelde til Videogamer (via Eurogamer).

Årsaka er visstnok skuffande låge salstal for Dead Space 3, som kom ut for omtrent éin månad sidan. Distributør EA nekta å gi ein kommentar til Eurogamer då dei vart spurde og vil ikkje bekrefte på dette tidspunktet.

Dead Space 3. (Foto: EA)
Isaac Clarke ser mørkt på framtida. (Foto: EA)

Treng fem millionar selde eksemplar

EA har tidlegare sagt at Dead Space trong sal på oppimot 5 millionar eksemplar for å vere økonomisk forsvarlege.

Nettsida VGChartz (her for Xbox), som dekker sal i fysiske butikkar (verda over), har etter tre-fire veker berre registrert sal på rundt 880 000 – med ei allereie stupande salskurve.

Til samanlikning selde Resident Evil 6 – det siste skrekkspelserien frå Capcom – tilsvarande i løpet av berre éi veke (serien er rett nok særs populær i Japan). Capcom har seinare gått ut og nedjustert eigne finansielle forventingar fordi dei var skuffa over RE6-salet – trass dobbelt så stort sal som Dead Space 3 etter 3 veker.

  • Estimerte solgte eksemplar (fysisk butikk):
  • Dead Space 3 (PC, Xbox 360, Playstation 3)
  • Første veke: 648 549
  • Etter tre veker: 880 069
  • Resident Evil 6 (PC, Xbox 360, Playstation 3)
  • Første veke: 2 239 710
  • Etter tre veker: 2 787 888
  • Dead Space 2 (PC, Xbox 360, Playstation 3)
  • Første veke: 690 131
  • Etter tre veker: 1 148 152
  • Kjelde: VGChartz

Digitale kjøpstal, som i EAs eigen Origin-teneste, er ikkje offentlege tilgjengelege, men spelbutikkane er likevel ein klar indikasjon på at Dead Space 3 ikkje har selt så mykje. Tal på Dead Space 2 (her for Xbox) viser òg at trearen har selt mindre innanfor same tidsperiode.

Les også: Katastrofetal for Wii U

Dead Space var prøvekanin i ny strategi

Dead Space 3 er interessant i så tilfelle fordi det er det første fullprisspelet frå EA som òg legg opp til å tene pengar på mikrotransaksjonar – kjøp av småting som våpenforbetringar, gjort populært blant nettspel som Farmville. Dette skulle vere eit ledd i EA sin strategi om å ha mikrotransaksjonar av denne typen i alle sine spel:

– Me byggjer inn mogelegheita for å betale for høgare nivå på spelfigurar, bilar, pistolar, eller kva som helst i spelet. Kundane våre liker og omfamnar denne måten å tenkje på, fortalde EAs finanssjef i førre veke.

Spelet har av anmeldarar blitt rosa for stemning og velpolerte funksjonar, men har òg fått kritikk for nettopp mikrotransaksjonane, som mange meiner har gitt spelet feil fokus. Det kan med andre ord sjå ut som om «omfamninga» EA venta til slutt vart litt annleis.

Anmelding: Dead Space 3: – Gjør betalingsløsningen spillet bedre? Svaret er nei

Dead Space 3. (Foto: EA)
«Dead Space 3» fokuserte meir på action og mindre på horror enn dei tidlegare spela i serien. (Foto: EA)

Omstillingar hjå EA

I det siste har EA gjort endringar og oppsigelsar på fleire av sine mindre selskap. Deriblant vart Medal of Honor-serien stansa i januar etter dårlege sal for Warfighter, og i går stengde EA ned BioWares kontor i San Francisco som for tida arbeidde med gratisspelet Dragon Age: Legends.

Utvidingspakka Awakened for Dead Space 3 er venta i løpet av mars. Ting tyder på at det vert det siste me ser av Isaac Clarkes tomrom på ei god stund.

Gears of War-utviklar Cliff Bleszinski, som i det siste har trekt seg tilbake og innteke ei slags «vis mann på toppen av fjellet»-rolle, har i det siste kritisert spelbransjen utanfrå:

– Bransjen har ikkje vore i ein slik overgangssituasjon som no sidan spelkrasjet på 80-talet, seier han i eit nyleg fråsegn.

Og tydelegvis, mikrotransaksjonsløysingar på fullpris spel gjer det ikkje betre.

Mørketal for fleire av dei større selskapa. Kva bør dei heller satse på?