Black Flag handler om Edward Kenway, som etter rapportane å døme er hovudpersonen i Assassin’s Creed 3 sin farfar. Ifølgje pressemelding frå Ubisoft er han ei del av historia som ein kaper som seinare fell til piratverksemd og ender midt i kampen mellom assassinarane og tempelriddarane.

Med grobotn i den verkelege historia, som alle spela trass alt har hatt, så er piratane Captein Edward «Blackbeard» Teach og Charles Vane blant dei som sukker opp (henhaldsvis nummer 10 og nummer 14 på Forbes liste over tidenes rikaste piratar) Andre piratar du får helse på er Benjamin Hornigold og Anne Bonny.

Førre veke fekk me sjå bilete av plakatar sendt til spelbutikkar, hovudpersonens namn, og etter kvart òg ein lekt trailer som på mistenkeleg vis fann vegen til internett via uoffisielle kjelder.

Om det er med vilje frå Ubisoft eller ikkje gjenstår å sjå – dei har hatt tilsvarande «lekkasjar» før – men no har spelselskapet sleppt traileren til Assassin’s Creed IV: Black Flag offisielt saman med ei rekkje bilete frå spelet som presenterast i dag.

Videointervju: AC3-sjef om research: – Vi brukte seks måneder på å se dokumentarer, filmer, og lese bøker

Artikkelen held fram under videoen

Ferske skjermbilder viser at spillfigurene også kan svømme under vann i Båter ble først introdusert i «Assassin's Creed 3», og vil være viktig i neste utgave av spillserien. Skjermbilde fra «Assassin's Creed 4». (Foto: Ubisoft)
Vi seilte fra Karibien og henta opp en skatt. (Foto: Ubisoft)
Fokus på havet

Havkampen som vart introdusert i Assassins Creed 3 vert utbrodert i seriens fjerde spel. Jaktmogelegheitene er òg utvida til å omfatte harpunskyting, og ein skal i tillegg kunne dykke til havbotnen med dykkarklokker – dåtidas svar på ubåten.

I tillegg kan du segle på det spelets sjefsprodusent, Sylvain Trottier, insisterer på er eit opent hav:

– Så du vil utforske ei øy, men øya er beskytta av ein manovar (britisk krigsskip. – journ.anm.). Den er for stor. Den er for sterk for deg. Så du går attende og arbeider med ei plantasje eller andre bakke- eller havaktivitetar, får meir pengar og oppgraderer skipet ditt, seier han til Kotaku.

– Når du kjenner deg sterk nok, gå og bank han opp, og reis til den nye øya.

Black Flag er utvikla til dels side om side med Assassin’s Creed 3, av eit anna lag hjå Ubisoft Montreal, men har henta inn arbeidskrefter frå opptil 8 andre Ubisoft-studio.

Kva som er «mjølking», og kva som er «framtidsretta planlegging for ein serie» vil alltid vere ein debatt rundt årlege seriar som Assassin’s Creed eller Call of Duty. Kor vidt dette er hastverksarbeid må me nesten vente til oktober med å finne ut.

Anmelding: Assassin’s Creed 3: – Tidenes historietime!

Piratenes liv står i fokus for fortellingen i «Assassin's Creed 4». (Foto: Ubisoft)
Piratenes liv står i fokus for fortellingen i «Assassin’s Creed 4». (Foto: Ubisoft)
Fleire interessante dødsfall på starten av 1700-talet

Berre fordi eg er glad i historie, og fordi dei tidlegare spela ofte har latt deg ta knekken på kjende historiske personar, så sjekka eg ut dødsfall i tidsperioden då spelet skal ta stad.

1715 er årstalet som står på eit av spelets kart. Blant dødsfalla dette året finn me «solkongen» Ludvig 14., britisk jarl og poet Charles Montagu, og den skotske presbytanerpresten William Carstares. Sistnemnde var òg ein god ven av William 3., ein konge i nederlandske område som var i konstant strid med det britiske riket. Mogelegheitene er mange, om dei tek seg nytte av dei.

I tillegg døydde Blackbeard sjølv i 1718, etter eit sjøslag. Då den britiske marineløytnanten Robert Maynard sjekka liket hans etter kamp skal Teach har blitt skote fem gonger, og kutta over tjue. Om du spør meg, så høyrest det ut som arbeidet til ein overivrig snikmordar.

Den norsk-svenske kongen Karl 12. døydde òg i 1718 i slaget ved Fredriksten festning, men om spelet penser innom hans død – tidlegare vist i Brødrene Dal og mysteriet om Karl XIIs gamasjer – er nok mindre sikkert.

«Assassin's Creed 4». (Foto: Ubisoft)
Gjenta etter meg: «Førehandsbileter er alltid penare enn det ferdige produktet». (Foto: Ubisoft)

Les også: Norsk lærar: – Ein burde sjå på spel på same måte som ein ser på romanar

Kjem òg til Playstation 4

Arbeidet med Black Flag starta ifølgje Kotaku allereie i 2011. Kartet i spelet dekker «over 50» stader, men berre byane Havana, Kingston and Nassau skal vere av betydeleg størrelse som til dømes Venezia og Boston i dei tidlegare spela.

Det meste anna er «fiskelandsbyar, plantasjar, havgrotter, sjøfort og tette junglar».

For å forhindre samblanding med den relativt familievenlege filmserien Pirates of the Caribbean hevdar òg utviklarane at serien er meir vaksen.

– Me lager ikkje ein Disney-familieunderhaldningsversjon. Dette er HBO-versjonen av piratar, seier ein av utviklarane i PR-jippoen frå selskapet.

Ubisoft melder òg at spelet skal kome til PC, Wii U, Xbox 360, Playstation 3 og Playstation 4. 31. oktober er lanseringsdato, men dette er i utgangspunktet berre for dei eksisterande plattformane. Dette vert med andre ord sikkert eit av launch-spela for Sonys komande konsoll.

Playstation-versjonane av spelet vil ifølgje pressemeldinga ha éin time ekstra innhald.

Det er for tidleg til å glede seg mykje – eit halvår før spelet kjem – men det er mykje godt potensial i tidsperioden og alle dei politiske rørslene på denne tida.

Les også: Slik blir Playstation 4

Kva treng det neste Assassin’s Creed-spelet?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.