Anmeldinga er basert på dei tre første episodane.

Netflix starta sitt krosstog mot tradisjonell tv-kikking med serien House of Cards, som la eit stødig fundament for deira komande seriar då heile første sesong vart lagt ut i februar. Å skulle følgje opp er litt som å hoppe etter David Fincher, og kanskje det er difor fallhøgda kjennest ekstra stor.

Skrekkserien Hemlock Grove kan framleis ta seg opp, men er førebels skjemd av ein ufokusert start, og eit manus som ser ut til å tiltrekkje seg klisjear som eit flugepapir.

Jada, jada, «Twin Peaks», eg ser deg

Grunnpremisset er for så vidt spennande: Eit bestialsk mord på ei ung jente vert oppdaga i den elles rolege staden Hemlock Grove.

Og to av byens high school-ungdommar, frå to familiar som hatar kvarandre – tilfeldigvis ein fattig varulv (Landon Liboiron) og ein styrtrik vampyr (Bill Skarsgård) – forsøker å finne ut kven som gjorde det.

Det kjipe med å anmelde ein serie som tek stad i ein amerikansk distriktsby med skumle understrømmar, er å finne seg i å nemne Twin Peaks som ei openbar referanse – kvar gong. Eg beklagar, det berre er slik, Lynch’ absurde småbysaga har sett kraftige spor i tv-verda.

I dette tilfellet har skrekkregissør og -produsent Eli Roth (Hostel, Cabin Fever) uttalt at den er ein direkte inspirasjon for regiarbeidet hans, så me får heller tole det.

Anmelding: Bates Motel: – Meir ein hyllest til «Twin Peaks» enn «Psycho»

Rotete og ufiltrert

For Hemlock Grove er stappfull av sære figurar. Ei stum Frankenstein-aktig tenåringsjente med indre monolog som ein småsarkastisk chick lit-roman, ei jente som sverger på at ho er gravid med ein engel, og ein viltnemndkonstabel som kanskje er meir vand med overnaturlege dyr enn med skadekøyrd elg.

Problemet er ikkje at det er mange av dei, problemet er – som i serien generelt – at det mest verkar som om alle ideane kom samtidig, og at ingen har filtrert dei for essens, for tanke, for prioriteringar.

Det ser litt ut som om Roth og co. meiner at «mystikk» er det same som «Nei, her veit eg sanneleg ikkje kva som går føre seg».

Han har òg uttalt at fordelen med Netflix-modellen er at ein slepp å legge inn ein cliffhanger, eller kunstige spenningsbyggarar, kvar veke. Kanskje det er det grepet som gjer til at rytmen forsvinn, for det er mykje potensial her som vert borte i mangelen på fokus.

Anmelding: House of Cards: – The West Wings vonde tvillingbror

Famke Janssen i Hemlock Grove. (Foto: Netflix).

Skodespel øydelagd av manus

Hovudrolleinnehavar Bill Skarsgård (Victoria) som Roman Godfrey, og Landon Liboiron (Terra Nova) som Peter Rumancek gjer ein god jobb som kvar sin variant av «ung, pen mann». Det er ein eller anna form for dynamisk duofunksjon i kjemien mellom dei, som gjer at serien på sitt beste skaper ein slags «buddy cop»-stemning mellom to overnaturlege beist.

På den andre sida har ein meir meritterte skodespelarar som Famke Janssen (X-Men, Goldeneye) – i rolla som vampyrcougaren Olivia Godfrey. Den nederlandske skodespelaren har ein amerikansk aksent som er hakket unna perfekt, men nyttar seg i staden av ein britisk aksent som høyrest ut som ho fann den mellom 1-kronersserviettane og gipsfigurane på Nille.

Men litt varierande skodespel til trass, det er manuset som trekk dei alle saman ned. Anten det er boka serien er basert på si skuld eller ikkje – noko har gått gale i overgangen mellom det skrivne og det sagte ord.

«Korleis forklarer ein det å danse for nokon som ikkje har bein?» svarer jenta som blir spurt om korleis det er å ha sex med ein engel. Eg gremmer meg, stakkars Penelope Mitchell som må seie desse linjene.

Første sesong tek visstnok heile handlinga frå boka, og dei to avsluttar visstnok med det same. Ein andre sesong er pitcha inn for Netflix, som ikkje har publisert papirmateriale å støtte seg på. Eg er usikker på om det er ein fordel eller ei ulempe.

Anmelding: Hansel and Gretel: Witch Hunters: – Godkjent som B-film-underholdning!

Augneblink redder heilskapen

Netflix satsar i mange ulike sjangrar med sine «heimelaga» seriar. Nemnde House of Cards er for dei som liker dei tunge historiene, komande Arrested Development er gjenopplivinga til ein kultserie, og Hemlock Grove vert eit forsøk på å hamle opp med True Blood eller Vampire Diaries (heldigvis utan det verste tenåringsdramaet, det skal dei ha).

Det klarer den ikkje.

Kanskje vil det ta seg opp, og kanskje har Eli Roth tenkt for mykje over at dette skal vere ein 13 episodar lang film, med den spenningskurven det måtte medføre.

Det er interessante ting i småbyen Hemlock Grove, augneblink av god kjemi, og eit eller anna driv eksisterer – og den tredje episoden tek seg nok opp til å redde det frå ein lågare karakter.

Førebels går det roleg for seg, men ein ser spor av den Eli Roth som viste ein drill gjennom hakepartiet på ein mann i skrekkfilmen Hostel. Den nyaste traileren lovar trass alt lesbisk nekrofili.

Heile første sesong av Hemlock Grove vert slept på nett-tenesta Netflix i dag, 19. april.

Anmeldinga er basert på dei tre første episodane.

Om SERIEN

Hemlock Grove
  • Hemlock Grove
  • Slippdato: 19.04.2013, online på Netflix
  • Sesong: S01
  • Regi: Eli Roth, mfl.
  • Utgiver: Netflix
  • Originaltittel: Hemlock Grove
  • Sjanger: Drama, Skrekk