Keanu Reeves nyaste film Man of Tai Chi, som òg er hans regidebut, er eit samarbeidsprosjekt mellom Reeves, kampkoreograf Yuen Woo-ping og hovudrolleinnehavar Tiger Hu Chen. Dei møttest under innspelinga av Matrix-trilogien, der Chen var kampsportlæraren til Reeves.

Alle tre er store fans av kampsportfilmar, og på ei pressekonferanse i Kina i går sa Yuen klart frå at noko av motivasjonen for å lage filmen er å få sjangeren opp i lyset igjen:

– Kampsportfilmens overleving er avhengig av fornying. Me må vere opne for nye tolkingar av dei kinesiske kampsportane, sa han, ifølgje The Hollywood Reporter.

Samtidig vart den første traileren for filmen sleppt på nettet, og det ser ut til å bli mykje fokus på sjølve slåstinga. Let the show begin!

Anmelding: The Karate Kid: – Zwart og Smith er dynamitt!

– Eit lidenskapsprosjekt

Til kinesiske China TV snakka Reeves om filmen og kor lenge han har nytta på å lage den.

– Filmen er eit lidenskapsprosjekt for meg, berre manuset åleine har eg arbeidd med i over fem år, seier han.

– Eg trur ikkje du kan regissere noko om du ikkje har lidenskapen for det, opphavleg skulle eg ikkje vere regissør, men over tida vart historia meir inni meg – eg kunne sjå den – så eg måtte skape filmen.

Han seier vidare at han håper mottakinga er god, for prosjektet som starta som ein idé i 2006, nokre år etter at Matrix-filmane var over.

Reeves bygde filmen rundt Tiger Hu Chen, men har sjølv ei rolle som skurken – med eit heller lite tillitvekkjande smil …

reeves

Blant dei andre skodespelarar i filmen finn ein Simon Yam (Ip Man), Iko Uwais (The Raid) og Karen Mok (So Close).

Man of Tai Chi har planlagd premiere i Kina i sumar, men har hittil ikkje noko fastlagd premieredato i Noreg.

Kva trur du frå traileren? Er dette starten på ein ny oppgang for kampsportfilmen?