På eit tidspunkt var regelen i animasjonsfilmselskapet Pixar at ein oppfølgjar ikkje skulle dukke opp før historia var god nok. Lat oss håpe at det framleis stemmer. No har dei annonsert sin fjerde oppfølgjar på tre år, Finding Dory, ein oppfølgjar til den særs populære Finding Nemo (Oppdrag Nemo) frå 2003.

Dory og Marlin snakkar med ein kval. (Foto: The Walt Disney Company Nordic).
Dooo yoooou speaaaak whaaaaale? (Foto: The Walt Disney Company Nordic)

– Eg har venta på denne dagen i lang, lang, lang, lang, lang, lang tid, seier Ellen DeGeneres, som hadde stemma til kirurgfisken Dory, i ei pressemelding frå Disney.

Ho har ved fleire anledningar nytta talkshowet sitt for å – med humoristisk glimt i auget – lobbyere for ein oppfølgjar.

– Eg er ikkje sint for at det har teke lang tid. Eg veit at folka i Pixar var opptekne med å lage Toy Story 16.

DeGeneres omtalar – sjølvsagt – manuset som fantastisk artig.

Der den første filmen fokuserte på klovnefisken Marlins jakt på sonen Nemo, skal oppfølgjaren handle meir om den smått omtåka fisken Dory. Oppfølgjaren tek stad utanfor kysten av California, og skal ha med fleire av figurane frå den første filmen.

Albert Brooks returnerer som stemma til Marlin, og regissør Andrew Stanton, som sist gjorde John Carter, er manusforfattar og regissør på Finding Dory.

Anmelding: Oppdrag Nemo 3D: – En god grunn til å se filmen på nytt!

«Planes» – ein slags oppfølgjar til «Cars»

Om du merka at eg var litt skeptisk i starten av artikkelen, så ja – eg er vel det – og kanskje mest for utvatninga av Pixar-namnet. I 2004, etter Toy Story 2 gjekk Disney ut og sa at dei ikkje lenger ville halde seg frå å lage oppfølgjarar til Pixar-filmar utan deltaking frå Pixar.

Planes er den første i rekkja av slike filmar, og skal gå føre seg i lufta over Cars-filmane – Pixars mest innbringande serie nokosinne. Filmen handlar om propellflyet Dusty som drøymer om å vinne fartskonkurransar, men som er redd for høgder.

No, Disney! Wat r u doin! STAHP!

Den første førehandstitten frå filmen har no dukka opp, og greitt – det er jo litt artig med referansane (stemmene til jagarflya er Val Kilmer og Anthony Edwards frå Top Gun-filmane) – men er dette noko som styrker Pixar-namnet? Nei, det trur eg ikkje.

Anmelding: Biler 2: – Pixar har glemt sitt eget motto

Pixars komande prosjekt er Monsters Inc.-oppfølgjaren Monsters University, før dei skal lage dinosaurfilmen The Good Dinosaur i 2014.

Planes dukkar opp den 25. oktober. Monsters University har norsk premiere den 2. august. Finding Dory har planlagd verdspremiere den 15. november 2015, eller berre cirka «1,4 millionar minutt» som Ellen DeGeneres seier.

Leiande spørsmål: Innehar Pixar framleis animasjonstrona?