«Ikkje bli lurt av den sjarmerande retrografikken og det motiverande chiptune-soundtracket», åtvarer reklamen for dette spelet. For så vidt ein grei lærdom i livet ellers òg, men denne gongen er det litt uberettiga. Slayin’ er nemleg overraskande morosamt!

Grensesnittet er enkelt. Alt som får plass på skjermen er spelebana di (som er like stort som skjermen), samt ein høgre- og venstreknapp og ein gigantisk hoppeknapp – tydeleg inspirert av hine hårde dagar då eit fåtal knappar var alt du hadde å forsvare deg med mot dødelege fiendar.

Slayin. (Foto: Pixel Licker)

Målet er like enkelt, ta knekken på alt som røyrer på seg, noko som sjølvsagt er umogeleg, sidan spelet – som til dømes Tetris – ikkje har nokon slutt. Berre fleire, raskare og vanskelegare motstandarar til du til slutt må bøte med livsmåleren.

Har referansane på rett plass

Pengane du samlar vert vekke når du døyr, men du kumulerar òg Fame Points – som kan nyttast til å låse opp innhald. Du startar som ein ridder, men får etter kvart mogelegheita til å låse opp ein tjuvkarakter og ein magiker.

Godt hjulpe av Matt Creamers musikk (komponisten på GTA-parodien Retro City Rampage), er resultatet smått suggerande. Spelet er eit godt eksempel på «enkelt å spele – vanskeleg å meistre»-tankegangen og sikrar fleire timar med «berre éin runde til» medan det samtidig er kjapt nok til å spele på bussen eller i reklamepausa medan du ser på tv.

Skulle Slayin’ ha teke eit steg opp måtte det kanskje ha variert baner og monster litt. Det er framleis ingen som kan slå Tetris på dens heimebane – enkelheit.

Tilgjengeleg i: 7 kroner i Apple Store, ein tidlegare versjon av spelet eksisterar òg i ein Flash-versjon.

Les også: Resten av helgas mobilspelanmeldinger her

Om SPILLET

Slayin'
  • Slayin'
  • Slippdato: 04.04.2013
  • Utgiver: Pixel Licker
  • Plattformer: iPad, Mobil, PC
  • Sjanger: Action, RPG