Unmechanical er eit overraskande taktilt hjernetrimspel. Du styrer ein liten robot med evna til å skru på ein magnetstråle som kan halde fast på ulike element. Det er dei ulike gåtene – ofte utfordrande, men aldri absurd vanskelege – som er sentralt. I bakgrunnen ligg enkle hint til ei historie, og det heile tek stad i ein mørk og forvridd underjordisk bunker.

Spelet kom ut til PC i fjor, men har nett komt til iOS-einingar. Og dette er eit av spela der berøringsskjermen tilfører spelet ein ekstra dimensjon. Fordjupninga i spelet vert nærare når ein gjer handlingane sjølv – flytting av steinar, rettingar av laserstrålar – i staden for å «berre» nytte ei datamus for å gjere det.

På ein iPhone eller iPod Touch kan skjermen bli litt vél liten – detaljar vert små, og det er lettare å trykke feil – dette fungerer best på ein større berøringsskjerm.

Ein av eit fåtal skikkelsar i spelet.
Ein av eit fåtal skikkelsar i spelet.

Nydeleg atmosfære

Fordjupinga vert sterkare av ei atmosfære som innbyder til meir. Du får aldri heilt vite kvifor du er henta ned i den , men du er tydeleg på veg mot eit mål. Her og der ser du rørsler i utkanten av skjermen, men alle forsvinn for deg.

Du kan velgje å tolke det som pynt på eit artig gåtespel, eller undre deg over betydninga av dei øydelagde omgivnadan du røyver deg i.

Unmechanical kan minne litt om World of Goo med sin artige mekanikk og hjernetrim med eit hint av historie, men mangler gjenspelingsgleda. Gåtene er gode første gong, men ein er ikkje oppfordra i særleg grad til å gjere det igjen. Når ein har nådd slutten på spelet – på den same måten kvar gong, fram til di siste handling – er du ferdig.

Men det er veldig gøy, for både gåteløysingsmuskelen og auget, å kome dit.

Tilgjengeleg til: 21 kroner i Apple Store, PC-versjonen finn du blant anna på GOG og Steam

Les også: Resten av helgas mobilspelanmeldinger her

Om SPILLET

Unmechanical