Om ikkje Nintendo hadde forventa like gode salstal som Nintendo Wii-lanseringa i 2006, så hadde dei nok venta meir. I fjor haust lanserte dei Nintendo Wii U til storslåtte fakter, men i natt viste Nintendo tal som tilseier at konsollen har gått mykje dårlegare enn forventa, skriv blant andre Polygon.
Selskapet hadde forventa at driftsresultatet skulle gå med eit underskot på 1,3 milliardar kroner i 2012, men endte til slutt opp med eit tap på svimlande 2,1 milliardar.
Dette er dermed det andre året på rad at Nintendo går med underskot i driftsresultatet. Oppdatert: Årsresultatet endte med overskot på 400 millionar kroner grunna synkande yen-kurs.
Les også: Dårlege tider for store spelselskap
Wii U er den største negative faktoren
– Wii U har hatt ei negativ påverking på Nintendos inntening, skriv dei sjølve i årsrapporten sin.
Sidan lanseringa i november 2012 er 3,5 millionar Wii U-konsollar selde, noko som er ein del mindre enn dei 4 millionane dei hadde håpa på. Spelutgivaren lister opp dei same argumenta som tidlegare, deriblant at maskinvara hadde problem like etter lansering.
Gjennom Nintendo Direct-sendingar dei siste månadene har Nintendo-president Saturo Iwata blant anna eksplisitt beklaga mangelen på spel så langt, og vist at oppstartstida på maskina har blitt raskare.
Les også: Katastrofetal for Wii U
Flytter Miiverse til andre plattformer
For å motarbeide tapet har Nintendo blant anna selde kontoreigedommar, men hovudfokuset ligg på å gi ut spela mange har venta på, til dømes nye Pikmin– og Rayman-spel, samt det heilt nye The Wonderful 101. Målet er at salet skal ta seg opp til med spennande nye titlar.
– Nintendo vil auke salet ved å kommunisere overbevisande om maskinvare og nye spel til så mange som mogeleg gjennom vår nye Miiverse-teneste.
Det sosiale nettverket Miiverse er for tida berre i Wii U-maskina, men vil i løpet av våren kome til smarttelefonar og PC-ar.
Eg håper at dei til dømes innser at å selje Pokémon eller Fire Emblem-spela til Android- og iPhone i tillegg kan vere ein god idé. Eg lover, Nintendo, de får bøttevis med pengar – rett frå lomma mi.
Kva synest du om spelutvalget for Nintendo Wii U så langt?