Zach Braff er kanskje best kjend frå tv-serien Scrubs, men har i tillegg blant anna skrive og regissert den søte, vesle romantisk komedia Garden State. No håper han å kunne finansiere sin neste film, dramakomedia Wish I was here, gjennom folkefinansieringstenesta Kickstarter.

Og kvifor? Vel, det vanlege. Han er redd at dei store finansfolka vil ta frå han den kreative fridomen han ynskjer frå sitt eiget manus:

– Kva om eg ynskjer å ha med Jim Parsons (The Big Bang Theory) som min gode ven i filmen? Plutseleg ber dei meg om at han skal vere ein bassenggut, og ikkje minst, at han skal bli spelt av Justin Bieber, seier Braff i videoen for prosjektet.

Inspirert av Veronica Mars-prosjektet

Om du såg den tilsvarande videoen for ein film basert på tv-serien Veronica Mars vil du nok kjenne att fleire ting. Sett bort frå ein humorfylt video med mange kjende andlet, så uttaler Braff klart og tydeleg at suksessen til Rob Thomas er ein inspirasjon for måten å gå ut til fansen på.

– Etter at eg såg måten Veronica Mars-fans dytta fram Kristen Bell og showrunner Rob Thomas, så klarte eg ikkje å late vere å tenkje (som sikkert mange andre uavhengige filmskaparar gjorde) at dette er ein ny måte å finansiere personlege filmar på.

Konseptskisser frå «Wish I was Heres» drøymesekvens. (Foto: Colin Fix/Zach Braff)
Konseptskisser frå «Wish I was Heres» drøymesekvens. (Foto: Colin Fix/Zach Braff)

Historia skal handle om Aidan Bloom, ein 35 år gammal skodespelar i identitetskrise og med lite pengar som dagdrøymer om å spele The Space Knight, hans fiktive helt frå barndommen. Braff fokuserer elles mykje på soundtracket, som var ein viktig del av hans førre film.

Les også: Veronica Mars samla inn 2 millionar dollar på 10 timar

Får kjeft på nettet

Prosjektet har snart henta inn 1,3 millionar dollar av målet på 2 millionar, men har òg møtt mykje motstand i ulike sosiale medium. Fleire meiner at Braff, som har tent gode pengar på Scrubs burde kunne finansiere eit slikt prosjekt utan å «tigge» pengar frå fans.

Dermed byrjer debatten rundt Kickstarter-filmar å nærme seg der Kickstarter-spel var for om lag eit år sidan. Eg meiner, både Veronica Mars-filmen og dette prosjektet kan jo faktisk vere heilt forferdeleg dårleg – og då vil ingen få noko igjen for pengane (anna enn musikktips frå Braff sjølv i private mailar).

– Om du likar tinga eg har laga til no, så veit eg at du kjem til å elske dette, kontrar filmskaparen.

Braff verker trass alt å ha kontroll og gode folk med på laget. Med eit produksjonsteam som har delteke på Silver Linings Playbook, Hangover-filmane og sjølvsagt, Garden State er prosjektet framleis lovande.

Kva synest du om at etablerte stjerner nyttar Kickstarter til slike prosjekt?