Eric Hirshberg presenterte Call of Duty: Ghosts på #XboxReveal. (Foto: REUTERS/Nick Adams)
Eric Hirshberg presenterte Call of Duty: Ghosts på #XboxReveal. (Foto: REUTERS/Nick Adams)

Frå scena til Xbox Campus i Redmond, Virginia gjentok Activision-sjef Eric Hirshberg det han sa ved lanseringa av teasertraileren for Call of Duty: Ghosts tidlegare denne månaden.

– Alle forventar at me skal lage Modern Warfare 4, som ville ha vore det trygge valet.

Han snakkar om det neste spelet i det som er verdas største underhaldningsfranchise, større enn alt Hollywood kan by på.

Heilt revolusjonerande var det likevel ikkje då Activision og Infinity Ward i dag viste fram meir frå det komande spelet.

Les også: Activision løfter sløret på Call of Duty: Ghosts

Fleire polygoner, fleire våpen, og ein hund

Hirshberg fokuserte mykje på det grafiske, og på den nye grafikkmotoren i spelet, men heilt på høgde med bileta frå Battlefield 4 var det likevel ikkje. Dog, Call of Duty-serien har eit uttalt mål om å halde biletefrekvensen til 60 per sekund og minimere forseinkingar, heller enn å vere det vakraste spelet i verda.

I likskap med nettopp Battlefield 4 skal spelarane òg bli meir kjenslemessig knytt til figurane i spelet gjennom éinspelarhistoria – deriblant John Price, som me har sett i fleire av Modern Warfare-spela.

– Ei massiv hending forandrar verda slik du kjenner den, og stripper USA for supermaktstatusen sin, vart det sagt frå scena.

Historia skal vere skriven av Syriana og Traffic-manusforfattar Stephen Gaghan. Ingenting vart sagt om fleirspelarmodusar.

Hunden du sikkert vil bli nært knytta til i «Call of Duty: Ghosts». (Foto: ACtivision)
Hunden du sikkert vil bli nært knytt til i «Call of Duty: Ghosts». (Foto: ACtivision)

Ved sidan av det serien allereie er kjend for å ha – skytevåpen, store eksplosjonar, og ei handling sentrert rundt moderne krigføring og sivilisasjonsbrytande konfliktar – så viste dei òg fram din nye kompanjong.

Ein Navy SEAL-schæferhund vert ein følgesven gjennom spelet, som blant anna skal kunne lukte seg fram til trugsmål og hjelpe laget ditt på fleire måtar.

I tillegg avslørte Microsoft esset i ermet då dei annonserte at alt nedlastbart innhald til Ghosts vil kome først til Xbox One, og bli forseinka til andre plattformer. Eit godt salsargument for Xbox One, spesielt for målgruppa som er særs oppteken av Call of Duty-spela.

Les: Her er Xbox One – Microsofts komande spelkonsoll

Call of Duty: Ghosts har lanseringsdato 5. november 2013.

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.