Dan Harmon. (Foto: Gage Skidmore via Wikicommons CC-BY-SA)
Dan Harmon. (Foto: Gage Skidmore via Wikicommons CC-BY-SA)

Det kan no sjå ut som om serieskapar Dan Harmon er i samtaler om å kome attende til TV-serien Community.

Etter såkalla «creative differences» fekk han sparken frå serien om dei merkelege menneska på utdanningsinstitusjonen Greendale Community College.

No er han og produksjonsselskapet Sony Pictures Television i samtalar om å ta opp att samarbeidet, melder THR.

Anmelding: Community S01: – Topp collegehumor!

Det har vore mykje drama rundt serien det siste året. Først forlot humorveteran og kranglefant Chevy Chase skuta etter krangling om rolla si, så vart Harmon sparka for omtrent eitt år sidan i perioden før fjerde sesong skulle ta til. Han har seinare uttalt at han på ein måte skjøner reaksjonen:

– Eg hadde sparka meg. Sony likte ikkje heilt måten eg skreiv og tenkte på, og dei drøymde lenge om å gjere showet utan meg.

#Sixseasonsandamovie

Serien er velkjend for snirklete referansar både til seg sjølv, og til andre serieunivers, noko som kanskje vert litt utilgjengeleg for produsentane. Den fjerde sesongen har vore utan Harmon, men nyleg fornya Sony serien for ein femte sesong. Ein intern vits i serien har lenge vore at figurane tek sikte på seks sesongar og ein film, så det nærmar seg stadig!

Gob eter Let's Potato Chips. (Foto: Netflix)
Gob eter Let’s Potato Chips. Takk, Jostein! (Foto: Netflix)

Kor vidt det er som manusforfattar eller som ein eller anna form for konsulent Harmon eventuelt skal returnere som vert ikkje sagt, men det er tydeleg at forholdet mellom dei er betre. Det vart først sagt av Harmon sjølv på ein upublisert del av podkasten Harmontown.

Apropos tv-seriar med aktive fanbaser. Her er eit bilete av Gob i Arrested Development som et chipsmerket Let’s – som opphavleg kom frå tv-serien Community. Dan Harmon har òg ei bittelita cameorolle i serien. Fanfictioners, start motoren!

Førsteinntrykk: Arrested Development S04: – Framleis morosamt, men me saknar gnisten

I Noreg kjem sesong 3 ut til heimekino den 5. juni, medan Viasat 4 for tida viser sesong 2. Her er eit klipp frå serien med eit fiktivt morgonprogram som sementerer det som noko litt rart: