Tidlegare denne veka viste Rockstar fram det sentrale trekløveret i deira komande GTA V i ein ny trailer (som du kan sjå nedanfor). I natt slapp selskapet endå meir informasjon om det som må seiast å vere eit av årets mest etterlengta spel.

Me har allereie fått ein kjapp introduksjon av dei tre hovudpersonane, den rike Michael som har hamna i ei slags midtlivskrise, det hardbarka gjengmedlemmet Franklin i jakt på respekt, og rednecken Trevor som verkar å vere gladvoldeksperten blant dei.

Maskespel. (Foto: Rockstar)
Maskespel. (Foto: Rockstar)
Fem gonger så stort som «Red Dead Redemption»

Som tidlegare rapportert vil spelet vere fem gongar så stort som i Red Dead Redemption, fem gonger så mange innbyggjarar og omfatte store landområder – men òg havområder kan utforskast. Med dykkerdrakt kan du ta deg under vassoverflata og undersøke til dømes skipsvrak. Kven veit kva ein vil finne der?

Noko av det mest sentrale verkar å vere dei ulike «heists» – kriminelle brekk – ein kan gjere i spelet. Dette kan ein utføre med dei tre hovudpersonane, og leige inn opptil ti datastyrte medhjelparar for å assistere deg med ulike eigenskaper.

Dette vil gjere oppdraga enklare, men fører sjølvsagt til at ubyttet kvar enkelt deltakar vert mindre. Er det pengar du er ute etter, må du satse på eit lågare utval kvalitetsmedarbeidarar.

Anmelding: Red Dead Redemption: – Gjør andre westernspill til skamme!

Saumlaust trekløver

Rockstar har lenge sagt at dei kom til å plukke nokre av funksjonane frå tidlegare spel. Deriblant dei tilfeldige hendingsoppdraga langs vegen i Red Dead Redemption, skytefunksjonane frå Max Payne 3, samt bilfiksinga og eigenskapsbyggjinga frå GTA: San Andreas.

Ifølgje CVG er dei ulike eigenskapene du kan byggje Special, Stamina, Shooting, Strength, Stealth, Flying, Driving, Mechanic og Lung Capacity. Special vil seie ulike former for modusar – ein per hovudrolle – som kan sakte ned tid, eller gi dobbel skade. Alle vil vere måleiningar du kan byggje opp gjennom speling.

Dei tre hovudpersonane kan byttast saumlaust mellom under speling, og dei vil ifølgje fråsegn ha eigne liv og eigen økonomi, men dei samarbeider med jamne mellomrom på oppdrag. I tillegg er det meldt om plass for ein fleirspelarkarakter, som endå ikkje har vore tilgjengeleg for speling.

Ta deg ein flytur. (Foto: Rockstar)
Ta deg ein flytur. (Foto: Rockstar)

Les også: Rockstar avfeier rykter rundt GTA V-utsetjing

Mykje fridom

Om du ikkje ynskjer å gjere oppdrag er det blant anna mogeleg å gjere yoga(!), spele golf, delta i sykkelløp, eller gå ut i naturen og jakte.

Både figuren din, og eventuelle våpen og køyretøy du skulle legge din elsk på, skal ifølgje rapportar vere særs tilpasselege. Tatoveringar, hårfrisyrer og klede – lakkering eller lasersikter. Rockstar lover fridom, så får me sjå om dei klarer å halde det dei lover.

I ein sniktitt hjå Edge seier dei at dette ikkje er noko nestegenerasjons-spel, det vart vist fram på ein Playstation 3. Dog, fleire skriv at det er særs imponerande for ei sju år gammal maskin.

Kva trur du om GTA V så langt?

GTA V kjem for Xbox 360 og Playstation 3 sal den 17. september. Ingen PC- eller Playstation 4/Next Xbox-versjon er bekrefta enno.