Før Boss spelte Kelsey Grammer hovudsakleg dei snillare rollene. Kanskje med unntak av arbeidet som Sideshow Bob i The Simpsons spelte han hovudsakleg godslege kameratar, eldre mentorfigurar eller koselege naboar i bla. Frasier og X-Men: The Last Stand.

Men etter rolla som den hardbarka ordføraren Tom Kane kan det no sjå ut som om han ynskjer dei hensynslause rollene velkomen, kanskje for å kome unna stempelet som Frasier Crane. No skal han spele den menneskelege skurken Harold Attinger i Transformers 4, ifølgje Deadline.

Transformers 3 (Foto: United International Pictures)
Shockwave, ein av dei ikkje-menneskelege skurkane i «Transformers»-universet. (Foto: United International Pictures)

Nye skodespelarar, og kinesiske innslag

Attinger skal vere ein etterretningsagent som stikk kjeppar i hjula for filmens hovudpersonar, men elles er lite er kjend om handlinga enno.

Manuset er skrive av Ehren Kruger (Transformers 2 og 3, The Ring), men dei andre bekrefta skodespelarane er Mark Wahlberg (The Fighter, Boogie Nights), Nicola Peltz (Bates Motel, Luftens siste mester) og Stanley Tucci (Lovely Bones, Winchell).

Som ei gest til suksessen filmane har hatt i Kina skal i tillegg skal fire skodespelarar frå eit kinesisk reality-tv-konsept få roller i filmen. Målet er nok å lage eigne scener for det kinesiske publikummet, litt på same måte som Marvel gjorde for Iron Man 3.

Les også: Marvel lager eigen versjon av «Iron Man 3» for det kinesiske publikummet

Same verd, ny historie

Regissør Michael Bay har tidlegare uttalt at han ynskte å lage filmen sjølv for å hindre at andre øydela det han hadde skapt. Men i håp om å fornye historia litt har han gjort nokre endringar.

– Historia i dei tre første filmane er der framleis. Me starter fire etterpå, og det er ein grunn til at me møter nye menneske. Me prøver å gjere merkenamnet breiare, og gi det fleire stader å gå, seier Bay til Forbes.

Innspelinga av filmen starter i juli, og har planlagd premiere sumaren 2014.

Har du sett Boss? Om ikkje, gå og gjer det no – med ein gong.