Emma Watson – best kjend for si rolle som Hermione Granger i Harry Potter – får ein ny fantasy-franchise å bryne seg på. Ho er plukka opp for ei sentral rolle for adapsjon av trilogi-serien Queen of the Tearling med Potter-produsent David Heyman i sjefsstolen, melder blant andre Variety.

Harry Potter var eit pengetre for Warner Bros, og etter dette har dei forsøkt å fylle holet serien skapte då Dødstalismanene, del 2 avslutta ballet i juni 2011. Seinare seriar som Twilight, Hunger Games og snart Harald Zwarts Mortal Instruments har forsøkt å gjere det same.

Queen of the Tearling er skriven av Erika Johansen, og er første ledd i ein endå ikkje utkomen trilogi. Om ein ser vekk frå det klassiske forlags-PR-preiket der boka er ein «kvinneleg orientert Game of Thrones», med ei kvinneleg hovudrolle «inspirert av ein tale av Barack Obama», høyrest det ikkje så altfor gale ut.

Historia er sett i eit alternativt 2014, 300 år etter ei apokalyptisk hending. Den sentrale figuren, 19 år gamle Kelsea Glynn, må bekjempe The Red Queen for å ta attende trona som mora hadde i Tearling-riket.

Produsent David Heyman, Emma Watson, og «Harry Potter»-forfattar Joanne K. Rowling. (Foto: REUTERS/Luke Macgregor)
Produsent David Heyman, Emma Watson, og «Harry Potter»-forfattar Joanne K. Rowling. (Foto: REUTERS/Luke Macgregor)

Les også: Emma Watson: – Jeg forsøker ikke å rømme fra Harry Potter!

Sa nyleg nei til «Askepott»-rolle

Sterke, unge kvinnekarakterar er i vinden for tida, og med både meir Hunger Games og Mortal Instruments på trappene må nok filmane, og bøkene, sjå fram til sterk konkurranse i åra som kjem.

Rolla som Kelsea kan vere årsaka til at Watson takka nei til ei rolle i Disneys komande Askepott-filmatisering. Ingenting er heller sagt om korleis dette påverkar hennar planlagde rolle i Guillermo del Toros Skjønnheten & Udyret.

Queen of the Tearling har førebels ikkje fått regissør eller manusforfattar, men Warner Brothers siktar nok mot å late serien skape eit namn når første bok kjem i 2014, før dei sjølv kjem med filmane nokre år i etterkant.

Johansen har fått eit 7-siffers dollarbeløp frå forlaget Harper Collins for bokserien, og WB kjem nok til å halde seg ganske formelnært til Harry Potter-framgangsmåten. Sjå fram til sengetøy, dataspel og actionfigurar!

Sidan Harry Potter-filmane har Watson blant anna spelt i kjempeflotte The Perks of being a wall flower, og Sophie Coppolas The Bling Ring som kjem til norske kinoar 28. juni. I tillegg har ho ei lita rolle i den komande apokalypsekomedien This is the end (sjå trailer nederst i saka).

Kva synest du om Watsons skodespelarferdigheiter?