«Koseleg og vakkert eventyr om uvanleg venskap!?» seier du. «Den filmen har eg då vitterlegen sett før». Og ja, særleg nyskapande er ikkje filmen sånn sett. Regissørane Vincent Patar og Stéphane Aubier har tidlegare laga den herleg anarkistiske Kaos i landsbyen, med Benjamin Renner på laget har dei no laga eit betrakteleg rolegare, og ryddigare, landskap.

Nokon vil kanskje kjenne att dei to figurane frå dei belgiske barnebøkene frå 80- og 90-talet. Musa Celestine bur i ein underjordisk museby, og vert stadig fóra historier om dei store, skumle bjørnane. På overflata bur bjørnane som hatar å ha mus i husa sine, deriblant gatemusikaren Ernest.

Båe samfunna er skjønt samde om at mus og bjørnar skal halde seg for seg sjølv, fordi det alltid har vore slik. Så du kan tenkje deg oppstyret når dei to hovudpersonane – etter å ha gjort kriminelle handlingar – bestemmer seg for å bu saman.

Ernest og Celestine har heldigvis beholdt sitt akvarellutrykk inn i filmens verden. (Foto: Arthaus)
Ernest og Celestine har heldigvis beheldt sitt akvarelluttrykk inn i filmens verden. (Foto: Arthaus)

Anmelding: Arriettas hemmelege verden: – Studio Ghibli oppfyller de fleste forventningane

Rikt univers

Illustratør og forfattar Gabrielle Vincent var visstnok sterk motstandar av filmatisering av bøkene sine fram til hennar død (i 2000), men nokon må etter kvart ha sagt ja. Det er ein litt meir hardbarka versjon av dei to me finn her enn i bøkene, men dei har løyst dette mot slutten av filmen på ein god måte.

Universet er litt utvida, og det til gode. Der bjørnebyen hovudsakleg er ein kva som helst menneskeby med bjørnar i, er musebyen ein herleg fjell-landsby i kloakken – der gnagarane kan leve saman, med tanna som samfunnets drivkraft.

Den artigaste – og kanskje mest beskrivande – skilnaden mellom dei to samfunna er nettopp synet på tanna. Der musene ser på den på same måte som det norske samfunnet si olje, med tannlegar som eit av dei viktigaste yrka, er den berre noko bjørnar kjøper som forbruksvare – som noko ein må ha når den førre vert øydelagd.

Det heile er akkompagnert av herleg jazzmusikk – hoppande tonar og snirklande melodiar som fungerer som små historier i seg sjølv, og fargelegg filmen med like mykje karakter som den handteikna animasjonen.

Anmelding: Trillingene fra Belleville: – En unik fransk tegnefilm!

Anmeldinga held fram under klippet frå den franske versjonen av filmen.

Viktig visuelt særpreg

Historia vert fortalt hovudsakleg gjennom statiske kamera (for å illustrere ei barnebokside?) som framhever rørslene til figurane. Animasjonen flyt veldig godt, og spesielt ansiktsmimikken er tydeleg like inspirert av japansk animasjon som av den klassiske europeiske.

RAWR! Stor, skummel bjørn(?). (Foto: Arthaus)
RAWR! Stor, skummel bjørn(?). (Foto: Arthaus)

Den viktige akvarellkjensla er òg teken vare på frå dei opphavlege illustrasjonane. Det gjer filmen eit særpreg som er viktig når historia i utgangspunktet er noko som har blitt vist i barnefilmar før. Det er ei universell historie om vener frå ulike lag i samfunnet, og eg ser for meg at den fungerer like bra på alle språk.

Blant dei norske stemmene er det Stig Henrik Hoff som eg legg mest merke til. Den brummande stemma hans, denne gongen i nordnorsk språkprakt, er naturleg utløp for tankane til ein bjørn.

Høgdepunkta i filmen er alt som har større rørsle og leik over seg. Jaktscener i kloakken eller feber- og drøymesekvensar i surrealistiske landskap skapar dynamikk, men dei små, søte samtalane mellom våre to heltar ligg innimellom som pustepausar. Mot slutten kulminerer det heile i to parallelle rettssalsscener som best viser flyten som ligg til grunn for Ernest og Celestine.

Sentralt i historia står soga om at tradisjonar trass alt ikkje bør bestemme heile livet ditt. Eit venleg, velmeinande ord til både born og vaksne som måtte ta seg tid til å sjå denne vesle perla. Fartsfylt nok for dei som måtte ynskje det, tankefull nok for alle som måtte ynskje det.

Om FILMEN

Ernest og Celestine
  • Ernest og Celestine
  • Slippdato: 21.06.2013
  • Regi: Benjamin Renner, Vincent Patar og Stéphane Aubier
  • Utgiver: Arthaus
  • Originaltittel: Ernest et Celestine
  • Sjanger: Animert, Barn, Komedie

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.