Morten Tyldum får endå eit Hollywood-prosjekt. Frå før er det kjend at han skal regissere Alan Turing-filmen The Imitation Game med Benedict Cumberbatch i hovudrolla. No har han òg fått jobben med å filmatisere Roger Hobbs-romanen Ghostman, ifølgje Deadline.

Les også: «Hodejegerne»-regissør samarbeider med Benedict Cumberbatch

Ghostman, som har kome ut i norsk versjon som Skyggemannen på Font forlag, handlar om ein mann som arbeider i lyssky miljø med å skjule spor og gøyme unna rømlingar og flyktningar. Etter at eit casinokupp går alvorleg gale i Atlantic City må han jakte manglande pengar og rydde opp i kaoset i løpet av 48 timar, før han og læremeisteren hans kjem i trøbbel hjå narkotikabaronen The Wolf.

Her er ein trailer for boka, om dette høyrest interessant ut:

Samarbeider med «The Town»-manusforfattar

Med tanke på Hodejegerne og dens liknande thrillertrøbbel, høyrest dette ut som kjend territorie for Tyldum, dog garantert i ein større skala både produksjons- og budsjettmessig.

Boka «Ghostman». (Foto: Knopf)
Boka «Ghostman». (Foto: Knopf)

Warner Bros har fått med seg Peter Craig, som stod bak manuset på den vellukka Ben Affleck-thrilleren The Town og i tillegg arbeidde på The Imitation Game, til å skrive manus. Paul Haggis (Crash, Casino Royale, Million Dollar Baby) var på eit tidspunkt knytt til manuset, men Warner Bros ville bestemme pakka sjølv.

Melding: Operasjon Argo: – Tredje fulltreffer på rad fra Ben Affleck!

Boka vart kjøpt opp tidleg av Warner Bros, som såg potensialet for ein serie av filmar (omtrent det same som Emma Watson i Tearling-trilogien, med andre ord), ikkje minst fordi forfattaren er så ung, skriv Deadline. 24 år gamle Roger Hobbs, som nemner blant anna kuppfilmen Heat som inspirasjon, arbeider no med den andre boka i rekkja.

Tyldums neste film The Imitation Game har enno ikkje starta produksjon, og det er ikkje visst når den vil kome ut. Det er likevel venta at Ghostman må vente til etter Turing-filmen er ferdig. Den er dermed førebels ikkje å vente før om nokre år.

Lovande prosjekt for Morten Tyldum?